JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vodka

Mindre smak, meir funksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ikkje vatn, men alkohol med minst mogleg smak. Slik skal vodka helst vere.

Foto: Rogelio V. Solis / AP / NTB scanpix

3789
20180525
3789
20180525

Denne historia byrjar på botnen av ei kiste full av gamle synder. Som i dei fleste slike kister verken fortener eller forventar brorparten av innhaldet nokon plass på trykk. Ei overraskande full lita flaske skal likevel sjåast nærare på.

Flaska har merkelappen Hot n’Sweet. Hot n’Sweet er vodka med oppløyste tyrkiske pepardrops. Sidan det er ei væske med over 2 prosent alkohol, treng ikkje produsenten presentere innhaldet i flaska i nokon detalj. Når produsenten likevel har valt å gjere det, er det altså all grunn til å tru at han ikkje har noko å skjule. Difor vert eg overraska over å lese at vodkaen i flaska er produsert av melasse.

For melasse – dette brune, seige restproduktet av sukkerrøyr – er pressa tom for den lettflytande sukkerjuicen. Det er då råstoff for rom og cachaça, ikkje vodka? Vodka, den russiske måten å seie at noko ikkje er vatn på, er det produsert på ei eller anna form for korn – eller i verste fall potet?

Feil. Vodka kan vere produsert på kva som helst slags vegetabil som inneheld ei viss mengd sukker eller stivelse. Måten amerikanske styresmakter definerer vodka på, seier det meste om kvifor det er slik: Vodka er etanolalkohol «utan distinktiv karakter, aroma, smak eller farge».

Smaklaust mål

Vodka skal altså verken smake eller lukte noko. Ein vodka skal ikkje skilje seg frå ein annan vodka. Det einaste han skal gjere, er å bere med seg kring 40 alkoholprosent til kroppen, der han kan bryte ned levra og gjere hovudet ko-ko. Når ein får det presentert slik, vert det nærast løye å ikkje stille spørsmål ved om verda verkeleg treng eit slikt produkt?

Ein kan vidare spørje korleis ein i det heile får det til: Korleis kan potet smake identisk med sukker eller rug? Det spørsmålet er enklare å svare på: Gjennom ein kontinuerleg destillasjonsprosess får ein ut ein særs rein alkohol – med lite plass til overs for smaksstoff. Vodka vert gjerne destillert to–tre gonger før alkoholen vert filtrert og filtrert heilt til alt anna enn alkohol og vatn er vekk.

Så kvifor har vi meir enn eitt vodkamerke – om dei ikkje skil seg frå kvarandre i smak? Det vert hevda at vatnet som vert brukt, spelar ei rolle for smaken: Alkohol vert fanga i vatnet i ei form for hydrat som skal stimulere smakssansen vår meir enn berre det same vatnet og den same alkoholen ville gjort. Men om ordet «snobberi» har noko i matverda å gjere, kan ein overprisa vodka vere rette plassen for det. Å reklamere for ein smaksrik vodka er iallfall ei sjølvmotseiing. Det inneber likevel ikkje at vi skal avskrive all vodka.

Ta sommaren med deg

For kva er smaklaus alkohol særleg god til? Jo, å bere med seg og ta vare på andre smakar, aromaer, fargar og særpreg. Desse smakane kan sjølvsagt kome frå klissete drops, men kvifor ikkje tenke litt større – og grønare? No på seinvåren og tidlegsommaren har vi månadsvis av kreativ hausting framfor oss. Å ha tilgang på rein alkohol gjev ekstra breidde til aktivitetane. Alt no kan vi byrje med å legge granskot og unge bjørkeblad på vodkaflaskene våre. Når juletida nærmar seg, har vi ein grøn, frisk og smaksrik vodka som på den eine sida minner oss om sommar, og på den andre sida er akkurat bitter nok til å vere umogleg å bøtte nedpå i usunne mengder.

Umerkt var Hot n’Sweet truleg mitt fyrste sjølvstendige forsøk på matlaging. For før eg hadde laga min fyrste middag, bakt mitt fyrste brød eller planlagt mitt fyrste daglegvareinnkjøp, hadde eg planlagt godt nok til å putte tyrkisk pepar på nystolen vodka fleire dagar før festen.

Og om ei fjorten år gamal, rastlaus tenåringsjente kan klare det, kan ganske mange andre gjere det same.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det einaste han skal

gjere, er å bere med

seg kring 40 alkohol-

prosent til kroppen,

der han kan bryte

ned levra og gjere

hovudet ko-ko.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis