Visuell sjakk
Eit bilete som seier alt. Det er ei verd som skil proffane (publikum) frå amatørane (spelarane).
Foto: Lennart Ootes.
I gamle dagar var sjakk populært på radio; nordmenn i hundretusental kunne følgja radiolandskampar – eitt trekk kvar dag – mellom ein norsk toppspelar og ein danske eller svenske. Det viktigaste i sjakk er jo trekka som ein formidlar gjennom koordinatsystemet: e2–e4. Eg veit ikkje om andre sportsgreiner som er slik. Men sjakk kan òg vera visuelt, gjennom eit stillbilete – eit såkalla diagram. Eg veit ikkje om andre sportsgreiner som er slik heller.
Men det er fyrst dei siste åra, mellom anna gjennom sjakk på norsk TV, ein har fått augo opp for at sjakk, som all publikumssport, har ein annan komponent òg: kjenslene til spelarane og publikum. Ein gong lo Erlend Loe av ein avisartikkel som omtala ein verdskjend sjakkfotograf: «Lurer på om de andre verdenskjente sjakkfotografene sitter på gjerdet, eller hva de holder på med», skreiv Loe på Twitter – og fekk svar frå meg.
Denne veka dukka det opp eit diagram og eit bilete frå St. Louis. Fotografen er nederlendaren Lennart Ootes, den beste i verda til å fanga opp kjensler under eit sjakkparti. På biletet spelar milliardæren Rex Sinquefield mot son sin. Undervegs i partiet har dei fått hjelp av verdseliten, men no skal dei gjera nokre trekk på eiga hand. Sonen med svart har hatt ei vunnen stilling, men har nett gjort ein gigantisk «bukk» ved å flytta lauparen til g3 med sjakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.