Vissomatte dersomatteOm du skal nemna føresetnaden for ei hending, har du bruk for ein vilkårssubjunksjon. Dersom du ikkje har ein slik subjunksjon for handa, lyt du greia deg med andre ord, til dømes verb: «Hadde eg visst det, skulle eg ha sagt ifrå.» Stu

Publisert

Om du skal nemna føresetnaden for ei hending, har du bruk for ein vilkårssubjunksjon. Dersom du ikkje har ein slik subjunksjon for handa, lyt du greia deg med andre ord, til dømes verb: «Hadde eg visst det, skulle eg ha sagt ifrå.» Stundom duger det. Men kva skulle me ha gjort dersom me slett ikkje hadde ord som dersom, viss, om, so framt og liknande?

Desse orda og ordlaga har tradisjonelt vore kalla underordnande konjunksjonar. Dei bind saman (konjugerer) to setningar: Ei leddsetning vert skoten inn under ei anna setning. Slik skil dei seg frå dei jamstillande eller sideordnande konjunksjonane (t.d. og, men, for), som knyter i hop ord eller setningar av same type. I dag er det vanleg å bruka nemninga subjunksjon om dei underordnande konjunksjonane. Subjunksjon kjem av det latinske verbet subiungere, som tyder ‘føya til under; leggja inn under; leggja til’.

Nokre av vilkårssubjunksjonane har vore med oss lenge. Dersom (av der og som) var i bruk alt i mellomalderen. Det same kan me seia om so framt: Norrønt svá framt at (eig. ‘so vidt at, so langt at’) vart stundom nytta i tydinga ‘dersom’. Den norrøne subjunksjonen ef (‘dersom, i det tilfellet at’) er derimot ikkje med oss lenger, men han held koken i andre tungemål, jamfør engelsk if og tysk ob. So kjem viss, som har ein litt innfløkt bakgrunn. Opphavet skal vera spørjepronomenet hvis (‘kven sin’), som framleis kan brukast i bokmål: «Hvis frakk er dette?» Til grunn ligg den norrøne genitivsforma hvess, men vårt hvis kjem ikkje beint derifrå: Ordet har vore påverka av dansk hvis og lågtysk wes. I innstillinga til 1938-rettskrivinga står det at det «av praktisk-pedagogiske grunner [kunde] bli tale om å ta op skrivemåten viss» (s. 35). Forma viss kom inn i bokmål og nynorsk i 1959, men det er framleis mange som ikkje veit at subjunksjonen kan stavast slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement