Vinterfôret

I 2018 var det tørke, og fleire stader tørka vegestasjonen inn.
I 2018 var det tørke, og fleire stader tørka vegestasjonen inn.
Publisert

I fjor vart bøndene i Sør-Noreg heimsøkte av tankar som har plaga forfedrane deira i hundreår, men som har vore borte frå tankehorisonten i alle fall i ein mannsalder og to: Har eg nok vinterfôr til buskapen min? Graset fekk ikkje regn. Ingenting voks, og gras er vintermaten for norske buskapar.

Norsk klima dikterer vilkåra for norsk jordbruk. Få husdyr kan gå ute om vinteren, og den maten dei skal leve av om vinteren, må produserast om sommaren og bli tatt vare på.

Desse vilkåra forma norsk jordbruk. Fjøs vart bygde for å huse dyra i kulden, og løer vart bygde for å huse det romkrevjande høyet, det tørka graset. Fôret, vintermaten, måtte skaffast.

Vinterfôringa vart sett på som ein overlevingsoperasjon, ingen del av mjølkeproduksjonen. Mange meinte at innemjølking var farleg, kyrne kunne mjølke frå seg før dei kom ut. Kunsten var å få så mange kyr som mogeleg til å overleve til det blømande sommarbeitet. Det medførte ei massiv sveltefôring. Dei radmagre kyrne fekk fem sommarmånader til å ete seg opp på, før den nye innefôringa byrja.

Hesten var ein sterk konkurrent til det vinterfôret som var. Han var arbeidskar både sommar og vinter, og måtte få det beste høyet som var, som han då fekk.

Så måtte anna fôr samlast. Ung lyng vart slått med eigen ljå, ein lyngljå. Og det vart mykje lauv og skav. Lauvet vart sett opp i kjervar og tørka. Dette er ikkje lenge sidan. Mor, som var fødd i 1908, var med og kjerva som barn. Prøvar har vist at lauv er godt fôr, men slitsamt å hauste. Det var også skavet. Det fanst gardar der fjerdeparten av vinterfôret til kyrne var skav. Det var først og fremst lauvtre som vart nytta til skav, og alm var det beste. Frå historia veit vi at alm var det beste til borkebrød. Om Bjergagardane i Hylsfjord vart det sagt at dei hadde så mykje alm at også kyrne kunne få almeskav. Skavet var så viktig at retten til å ta skav vart skriftfest i gamle skøyte, ved sida av andre rettar, som vegrett, torvrett, vassrett og anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement