Teknologi
Vindturbinar
Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.
Foto: Per Thorvaldsen
– Fekk du ikkje noko til åremålsdagen? Eg ristar på hovudet, og mor er skaka.
– Kva ynskjer du deg?
– Ein vindturbin i Lego. Eg såg ein stor, herleg modell på Kastrup. Det hadde vore morosamt å tøysa med venene mine som har meldt seg inn i Motvind.
Nokre veker seinare opnar eg øskja. Lego har produsert fleire ingeniørar enn alle vitensenter til saman. Eg blar i den flotte monteringsrettleiaren. Til alt overmål er det laga eit strålande føreord som fortel historia om firmaet Vestas.
Treblada design
På 1970-talet arbeidde nokre danske ingeniørar i løynd mellom sanddynene på Jylland. Oljekrisa hadde vist at ein trong alternative energiformer. Vestas satsa på vindturbinar. Etter ei rad mislukka forsøk klarte dei å laga den fyrste vindturbinen der rotorblada var 10 meter lange og hadde ein kapasitet på 30 kW. Dei satsa på eit treblada design, og det har vorte standard og vert kalla det danske konseptet. Vestas lagar no vindturbinar for bruk på land med 7 MW kapasitet og med rotorblad på om lag 150 meter. Vestas er no ein totalleverandør av utstyr og tenester for om lag 15 milliardar euro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.