Vill vest i Bodø
Bodø i byrjinga av 1800-talet. Nyholmen i forgrunnen.
Målarstykke av Peter Fredrik Wergmann
Ein fungerande stat skal ha kontroll med den organiserte valdsmakta i eige land. Militærvesenet og politiet representerer denne organiserte valdsmakta, og ingen annan. Difor blir det eit problem for statsmakta og statsautoriteten når det blir bygd opp konkurrerande valdsapparat, som mafiaen i Italia, eller når kriminelle gjengar tek kontrollen over heile bydelar, som i visse amerikanske storbyar. Då kan det fort bli væpna konflikt mellom staten og det konkurrerande valdsapparatet, noko som kan likne på krig.
Vi lever i eit idyllisk hjørne av verda og har ikkje hatt mykje av slik alternativ valdsmakt i fredstid. I fredstid har framande makter respektert grensene våre, i alle fall om vi held oss til det norske fastlandet.
Men det har, også i fredstid, vore episodar der utlendingar under våpen har tvinga den norske staten og det kontrollerande maktapparatet hans i kne.
Hanseatane i Bergen hadde rett til å bere våpen. I 1455 gjekk dei laus på høvedsmannen Olav Nilsson ved Bergenhus festning. Dei drap han og den fireårige sonen hans på bestialsk vis, før dei rana all eigedommen hans, også garden på Talgje i Ryfylke. Den norske staten hadde ikkje nødvendig makt til å verne høvedsmannen sin mot lovbrytande utlendingar. Og det tok seksti år før siste delen av den idømde bota vart betalt. Då var hanseatane på nedtur og hadde ikkje lenger makt til å trasse den norske staten.
I 1816 var det engelskmenn som sopa bort det norske maktapparatet og tok seg til rette i Bodø. Dei hadde etablert seg med ein kommisjonær i Bodø. Primært skulle han handle med fisk. Sommaren 1816 smugla dei inn eit stort vareparti. Tolloppsynet tok syndarane på fersk gjerning. Dei ulovlege varene vart sette på lager i Bodø. Der gjekk då den engelske forretningsmannen laus på byfogden i spissen for væpna engelske matrosar. Han vart overmanna og fekk to månader i varetekt før han slapp ut for å vente på rettssaka som måtte kome.
Då narra han lensmannen og mannskapet på Nyholmen skanse om bord på skipet sitt. Der stengde han dei inne, før han heiste segl og drog mot England med mykje av dei ulovlege varene om bord. Etter ein seglas vart lensmannen og dei andre sette om bord i ein annan båt, så dei kunne kome velberga heim.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.