VidvinkelEin vinkel er ein vinkel same kva vinkel me ser han frå. Eller er det meir innfløkt? Det er no ikkje så lett å sjå ein innfallsvinkel, til dømes. Og kva hender med dei som «klikkar i vinkel»?

Publisert

Ein vinkel er ein vinkel same kva vinkel me ser han frå. Eller er det meir innfløkt? Det er no ikkje så lett å sjå ein innfallsvinkel, til dømes. Og kva hender med dei som «klikkar i vinkel»?

Vinkel kjem frå lågtysk, og om me fylgjer ordspora attover, kjem me til ei rot som har med svinging og bøying å gjera. Ordet vinkel kan både visa til den bøygde greia («ein spiss vinkel») og til reiskapane me lagar og måler vinklar med. Dei sistnemnde vert òg kalla vinkeljarn, vinkelhake og så frametter. I tradisjonelt folkemål var tydinga ‘reiskap til å måla vinklar med’ den vanlegaste. I alle fall var det den tydinga Aasen førte opp i Norsk Ordbog (1873) under oppslagsordet [Vinkel. Aasen sette hakeparentes framfor dei orda han tykte lite om, men som likevel laut vera med i ordboka. Vinkel hamna då i selskap med ord som behov, forbi, friheit og an (som i «det kjem an på»).

Trass i denne nedvurderinga har vinkel styrkt stillinga si og vorte eit særs vanleg ord. Som rimeleg er, brukar me vinkel når me talar om vinklar, og 901/4 går då for å vera hovudvinkelen. Han ber det ærefulle namnet «rett vinkel», og det er som regel han me meiner når me seier at noko «er i vinkel». Me kan òg bruka vinkel til å skildra eit bygg eller rom: Ei stove med L-forma grunnflate vert gjerne kalla vinkelstove. Vinkelfjøs finst òg. Elles ser me ofte at vinklane hopar seg opp, til dømes på fotballkampar. Der finn me spelarar som «vinklar pasningane», «skyt frå nesten daud vinkel» og sender ballen «heilt opp i vinkelen» (krysset).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement