Verdt å vita
Verdisyn ymsar, på same måte som samfunnssyn og språksyn ymsar. På nokre punkt er me likevel samde. Verdige vinnarar vert som regel høgt verdsette, medan dårlege taparar står lågare i kurs. Det er ikkje bryet verdt å høyra dei greia ut om alle dei kritikkverdige tilhøva som leidde til det fælslege tapet som dei ikkje hadde noka skuld i sjølv. Men kven er det som avgjer kva som er verdfullt og ikkje?
Eit ordtak set oss på sporet: «Når noko vantar, ser ein best kva det er verdt.» Den som ikkje har mat eller tak over hovudet, veit å verdsetja desse goda som andre tek for gjeve. Men mange av oss er takksame for det me har òg. Saker med affeksjonsverdi er dyrverdige for oss jamvel om salsverdien er låg. Det verdfulle og verdlause treng difor ikkje ha med pengar å gjera. Me kan setja pris på noko i overført tyding, og det er vanleg å meina at levande skapningar er i ei klasse for seg. Eit liv er meir verdt enn alskens verdisaker.
Desse orda på verd- er gamle, men verneverdige er dei nok ikkje. På yta liknar dei på substantivet verd (‘måltid’) som me finn i dagverd og nattverd, men det ser ikkje ut til at sistnemnde er i slekt med hine. Dei verd-orda me brukar til å målbera kor kostesamt eller viktig noko er, kjem truleg av ei rot som tyder ‘venda, dreia’. Den same rota har gjeve oss verbet verta (jf. dansk vorde, tysk werden). Me nyttar det i tydinga ‘bli’, men grunntydinga er noko slikt som ‘snu seg til’, ikkje ulikt det engelske ordlaget «to turn into». Adjektivet verd og substantivet verd (t.d. «eit verk med stort litterært verd») kjem beinveges frå norrønt, medan verdi har kome inn i norsk gjennom lågtysk. Verdi er funne verdig til å løysa av verd: Det er vanleg å tala om overføringsverdi, verdiskaping og verdipapir – men det heiter framleis likeverd og mindreverdskjensle.
Det verdige er betre enn det uverdige, og me har lett for å tenkja at godt er opp, og dårleg er ned. Difor talar me vyrdsamt om det høgverdige og klagar over dei som «nedverdigar seg» til det eine eller andre. Som etterfeste kan -verdig målbera at noko har ein viss verdi eller kvalitet (t.d. mindreverdig), men det kan òg tyda at noko(n) fortener eitkvart: Her finst truverdige, nemneverdige og misunningsverdige saker. Det er vel ikkje so merkverdig?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB