Frå sjakkverda

Verdseinaren som ikkje fekk sova

Veteranen Ulf Andersson tapte etter berre 22 trekk mot 15 år gamle Magnus Carlsen i 2006, då brikkene byrja snurra i hovudet, fortel svensken i boka Schackets Mästare (2019).
Veteranen Ulf Andersson tapte etter berre 22 trekk mot 15 år gamle Magnus Carlsen i 2006, då brikkene byrja snurra i hovudet, fortel svensken i boka Schackets Mästare (2019).
Publisert

Den sympatiske svensken Ulf Andersson (f. 1951) har ei utruleg kjensle for spelet, posisjonsforståing. Han var rangert som nummer tre i verda på sitt beste, men var altfor mild til å verta verdsmeister. Andersson mislikte å tapa sterkare enn han likte å vinna. Han tykte det var betre å berga ein remis frå ei vanskeleg stilling enn å vinna eit sjakkparti. Å tapa var for Andersson som å døy, eller i alle høve mista jobben. Han levde (og lever) jo av sjakk.

Midt på 1990-talet tok ein ny generasjon over med Anand og Kramnik i spissen. Andersson fekk statsløn i Sverige, men kva skulle han no gjera? Han lét seg overtala til å vera med i Noregs Postsjakkforbunds 50 års jubileumsturnering. Her skulle den svenske nybyrjaren spela mot verdseliten i postsjakk. Han vann ei perle av eit parti mot Ivar Bern, bergensaren som ti år seinare sjølv vart verdsmeister i postsjakk. Dette formatet passa Andersson perfekt – og han vann turneringa utan tap. Etter ei ny sterk turnering, på fyrstebordet for Sverige i OL i postsjakk, var han uventa rangert som nummer éin i verda.

Andersson hadde korkje telefon eller internett og var heller ikkje interessert i den nye datasjakken. Han tenkte sjølv, og kunne analysera ei stilling i ei veke eller to som ingen annan i verda. I time etter time sat han med sjakkbrettet på Café Saga i Arboga, ei lita svensk bygd med nokre tusen innbyggjarar.

Ei postsjakkturnering tek ofte fleire år å gjennomføra. Ved tusenårsskiftet sa den svenske verdseinaren ja til ei tredje turnering. Men no hadde datamaskinane til motstandarane vorte umenneskeleg sterke. Andersson byrja analysera døgeret rundt for å kompensera for datakrafta til motstandarane som rekna eit hundretal millionar trekk i sekundet. Sjakkvariantane invaderte hovudet hans. I senga låg kona, men han kjende henne knapt att. Han analyserte kvart ledige sekund i åtte år. Han gjekk på veggen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement