Ver du som tistelenDiktet « ferd» (som det heiter i ) eller «» (som det heiter i ei anna skinnbok) opnar med ei stode mange kan kjenna seg att i: Frøy er så forelska at det gjer meir vondt enn godt. Han såg skimten av jotunkvinna Gerd ein dag han sat i hø

Publisert

Diktet «Skirnes ferd» (som det heiter i Codex Regius) eller «Skirnesmål» (som det heiter i ei anna skinnbok) opnar med ei stode mange kan kjenna seg att i: Frøy er så forelska at det gjer meir vondt enn godt. Han såg skimten av jotunkvinna Gerd ein dag han sat i høgsetet Lidskjalv, og då vart han gripen av umåteleg elsk og lengt. Tenaren Skirne reiser så inn i Jotunheimen med von om å få i stand eit samband eller møte mellom Gerd og Frøy.

Samtalen mellom Skirne og Gerd er kjernen i diktet. Faren hennar, Gyme, tek ikkje del i tingingane. Gerd råder seg sjølv – noko Skirne òg får merka. Han lokkar fyrst med at ho skal få kostelege eigneluter om ho går med på å vera i lag med Frøy. Gerd seier nei. Så trugar Skirne med vald, men Gerd står på sitt. Då dreg Skirne på med ein lang og uhyggjeleg tale (tolv strofer) der han skildrar alt det vonde som kjem til å henda Gerd om ho ikkje gjer som han vil. Han målar ut ei framtid som er alt anna enn det ei ung kvinne ynskjer seg, både når det gjeld sosialt liv (ho skal verta utstøytt og hata), kjensleliv (ho skal aldri meir vera glad), kjønnsliv (ho skal aldri ha glede av menn; ho skal leva med eit trehovda troll) og kroppsleg tilstand (ho skal tærast av sjukdom; ho skal drikka geitepiss). Han seier òg: «Ver du som tistelen, han som var ?runginn mot slutten av innhaustinga.» Kva meiner Skirne med det?

Her finst det ymse tolkingar, mellom anna av partisippet ?runginn. Tyder ?runginn at tistelen var trakka ned? Eller slengd bort? Bresteferdig av frø? Granskaren Joseph Harris er mellom dei som har peika på at ein turr og skøyr tistel om hausten er det motsette av ei smidig og kjønnsmogen kvinne i livsens vår. Harris meiner at tistel-trugsmålet skil seg frå dei andre trugsmåla ved at det ikkje passar inn i ein av dei fire nemnde kategoriane, samstundes som dette trugsmålet – om me tolkar det biletleg – kan passa i alle fire kategoriane, jamfør tistelen som eit hata ugras (sosialt liv); turr og kraftlaus om hausten (kjensle- og kjønnsliv); nær ved å bresta og døy (kroppsleg tilstand).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement