Frå bridgeverda

Venleg rivalisering?

I 2007 vann Noreg for fyrste gong VM i bridge for nasjonslag, etter å ha slått USA i finalen.
Publisert Sist oppdatert

I juni dukka bridge opp som emne i ei anna spalte i denne avisa, nemleg den humoristiske «Innsida». Under overskrifta «Bridgeblanding» skildrar Randi Fuglehaug korleis ho på ungdomsskulen måtte fylle eit hòl i timeplanen, og i motsetnad til veninnene valde «det litt mindre populære faget bridge» framfor sjakk. Eit klokt val, for kva er vitsen med å gjera det same som dei andre?

No har ikkje sjakk alltid vore rekna som det kulaste og mest populære her til lands, men Fuglehaug har rett i at nordmenn i seinare år har hatt sjakkdilla. Sjølve ordet dille kjem som kjent av delirium, noko som generelt ikkje er attråverdig. Men mange bridgespelarar finn det naturleg nok urettferdig at sjakken har fått slik ein kraftig oppsving medan bridge enno er ukjent for dei fleste. Kortgudane har som vanleg ikkje sytt for anna enn at korta blir delte ut i totalt tilfeldig rekkjefylgje kvar bidige gong, og det har laga seg såleis at flaks har ramma sjakken og uflaks bridgen. Det største hellet for norsk sjakk heiter Magnus Carlsen; han har tent interessa i folkedjupet ved å stille den allmenne tørsten etter ei leiestjerne, ein helt å sjå opp til.

Bridgen har dårlegare føresetnader fordi han som parspel ikkje i same grad fremjar den eineståande meisteren – alt handlar jo om samarbeid. Vidare er nok sjakk litt lettare å lære enn bridge. Reglane er mindre avanserte og spelet enklare tilgjengeleg. Men det skal seiast at det å bli ein god sjakkspelar kanskje er vanskelegare enn å koma opp på eit brukbart konkurransenivå i bridge.

Biletteksten i Fuglehaugs spalte spør retorisk: «Kven blir vår første verdsmeister i bridge?» Til dette er det berre å seia at Noreg har vunne fleire verdsmeisterskapar i bridge, i ulike klasser. Det endelege gjennombrotet kom i 2007, med siger i VM for nasjonslag i Shanghai. Snart byrjar eit nytt VM, i Danmark, og forventningane til Noreg er store.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement