Velting i overflodDen som ynskjer seg samfunnsomvelting, kan byrja med å velta regjeringa. Politisk massevelt kjem godt med for rotveltarar og rothoggarar (d.e. radikalarar) som vil endra samfunnet frå grunnen av, men kva om redsla og angeren velt opp i de
Den som ynskjer seg samfunnsomvelting, kan byrja med å velta regjeringa. Politisk massevelt kjem godt med for rotveltarar og rothoggarar (d.e. radikalarar) som vil endra samfunnet frå grunnen av, men kva om redsla og angeren velt opp i dei just i den avgjerande augneblinken? Har dei nokon andre å velta ansvaret over på?
Velting er ein aktivitet me kjem borti tidleg i livet. Me kan velta sjølve eller få andre ting – mjølkeglas, stolar osb. – til å velta, og me skjønar snøgt kva velting går ut på: Ein skapning eller ting dett over ende eller hamnar i rang stode på andre måtar. Me kan òg tala om velting når noko rullar (ofte med ei ujamn rørsle), jamfør «steinane velt nedover fjellsida». Sameleis når noko strøymer fram i store mengder: «Røyken valt fram.» «Regnet kom veltande.» Velta (norr. velta) er truleg i ætt med latin volvere (‘rulla, snu’), som til dømes har gjeve oss volum (eig. ‘bok som er vunden om ein rull, skriftrull’), involvere og revolusjon.
Både norrønt og landsmål skil mellom velta (intransitivt, landsmål har bøyinga: velt, valt, volte) og velta (transitivt, med bøyinga: velter, velte, velt – i dag er a-bøying og blanda bøying òg tillate). I moderne nynorsk vert dette skiljet til dels halde oppe. Nokre språkbrukarar fylgjer den gamle skikken: Steinane valt ned skråninga, og eg velte/velta stein or åkeren. Stolen valt, men eg velte/velta stolen. Fleirtalet nyttar det linne verbet i alle samanhengar: Stolen velte/velta, og det var eg som velte/velta stolen. Båe delar er lov, og utviskinga av dette skiljet velter ikkje nynorsken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.