JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Velting i overflod

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2371
20180504
2371
20180504

Den som ynskjer seg samfunnsomvelting, kan byrja med å velta regjeringa. Politisk massevelt kjem godt med for rotveltarar og rothoggarar (d.e. radikalarar) som vil endra samfunnet frå grunnen av, men kva om redsla og angeren velt opp i dei just i den avgjerande augneblinken? Har dei nokon andre å velta ansvaret over på?

Velting er ein aktivitet me kjem borti tidleg i livet. Me kan velta sjølve eller få andre ting – mjølkeglas, stolar osb. – til å velta, og me skjønar snøgt kva velting går ut på: Ein skapning eller ting dett over ende eller hamnar i rang stode på andre måtar. Me kan òg tala om velting når noko rullar (ofte med ei ujamn rørsle), jamfør «steinane velt nedover fjellsida». Sameleis når noko strøymer fram i store mengder: «Røyken valt fram.» «Regnet kom veltande.» Velta (norr. velta) er truleg i ætt med latin volvere (‘rulla, snu’), som til dømes har gjeve oss volum (eig. ‘bok som er vunden om ein rull, skriftrull’), involvere og revolusjon.

Både norrønt og landsmål skil mellom velta (intransitivt, landsmål har bøyinga: velt, valt, volte) og velta (transitivt, med bøyinga: velter, velte, velt – i dag er a-bøying og blanda bøying òg tillate). I moderne nynorsk vert dette skiljet til dels halde oppe. Nokre språkbrukarar fylgjer den gamle skikken: Steinane valt ned skråninga, og eg velte/velta stein or åkeren. Stolen valt, men eg velte/velta stolen. Fleirtalet nyttar det linne verbet i alle samanhengar: Stolen velte/velta, og det var eg som velte/velta stolen. Båe delar er lov, og utviskinga av dette skiljet velter ikkje nynorsken.

Det som er nedvelt, ligg ofte i ei ulagleg eller hjelpelaus stilling. Difor er det som regel morosamare å velta andre enn å velta sjølv – og du bør helst ikkje snåva i ei rotvelte og velta oppi ei møkvelte (møkdunge). Dessutan finst det folk og dyr som ikkje greier å koma seg opp att på eiga hand, som i dette leie dømet frå Norsk Ordbok: «Kyra kollvelta og dauda.» Ordtaket «d’er betre å vika enn å velta» er soleis heilt rimeleg. Den som vik unna, held seg i alle fall på beina. Me skal òg hugsa at «lita tuve kan velta stort lass». Jamvel tankar og kjensler kan velta opp og fram, og når islendingar seier at dei velter noko føre seg («velta fyrir sér»), tyder det at dei gruvlar og pønskar.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis