Velja og vrakaDen som vert sitjande fastklemd i eit bilvrak, kan lett enda opp som nervevrak. Å verta vraka frå landslaget er heller ikkje noko moro. Men det gjeld å halda ut og ikkje leggja seg ned, for det er ikkje vrakpant på oss menneske, og det er bet

Publisert

Den som vert sitjande fastklemd i eit bilvrak, kan lett enda opp som nervevrak. Å verta vraka frå landslaget er heller ikkje noko moro. Men det gjeld å halda ut og ikkje leggja seg ned, for det er ikkje vrakpant på oss menneske, og det er betre å reka fritt ikring enn å liggja som eit vrak i rennesteinen.

Orda vrak og reka er nærskylde og til dels overlappande. I norrønt vart substantivet rek nytta om ‘drivgods (på sjøen)’, og verbet reka tydde mellom anna ‘forkasta, vraka’. Slik bruk av rek og reka er òg registrert i norske målføre, jamfør Norsk Ordbok. Ordet rak høyrer òg heime i denne flokken. Ivar Aasen skriv i ordboka si at rak mellom anna vert nytta om ‘Stumper som drive paa Vandet eller kastes op paa Strandbredden’ (t.d. tangrak), ‘Vragning’ (t.d. «slå rak på noko») og ‘Skrab, Vraggods’ (jf. avrak ‘utskot, vrakgods’). Rak femner dessutan daude kroppar og medtekne dyr, og nemninga vårrak vert nytta om utmagra krøter i vårknipa. Aasen nemner elles at nokre brukar rak om skipsvrak, men i denne tydinga er det òg vanleg å bruka «den mere fremmede Form Vrak», skriv han.

Ja, me kan godt seia at forma er framand, men ho har ikkje hatt lange reisevegen. Vrak har kome til oss gjennom lågtysk eller nederlandsk, frå ei germansk rot som kan ha sett slik ut: wrekan (‘forfylgja, driva bort’). Verbet reka kjem frå same rota, og merk at reka både har ei intransitiv og ei transitiv tyding: Du kan reka på sjøen og reka etter vegen (intransitivt), men du kan òg reka nokon heim (jaga dei) og reka på mor di (masa på, bry henne).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement