Vald avlar vald, vert det sagt, og nokre meiner jamvel at valdsfilmar avlar vald. Å gjeva seg valdsromantikken i vald er tenleg for den som vil skapa eit skrekkvelde, men for valdsoffera er det alt anna enn moro. Det er ikkje for inkje at mange er tilhengjarar av ikkjevaldsprinsippet. Likevel finst her vald, og mang ein valdtektsforbrytar går som kjent fri.
Substantivet vald (norr. vald) var opphavleg eit inkjekjønnsord, slik det framleis er i islandsk (vald), færøysk (vald) og svensk (våld). I nokon mon er det framleis slik i norsk òg, for i mange målføre og i nynorsk er vald eit inkjekjønnsord når det er nytta i tydingane ‘herredøme, rådvelde’ og ‘område, eigedom’, jamfør «ha noko(n) i sitt vald», «plukka molte på valdet åt grannen». Når ordet viser til rå bruk av fysisk makt (jf. grov, blind og stump vald) eller maktmisbruk i vid tyding, har det vorte vanleg å bruka hankjønnsformer: «Valden aukar i byane.» Difor skil den offisielle nynorskrettskrivinga no mellom vald (n.) og vald (m.). I dansk og bokmål er vold eit hankjønnsord, men bokmålet held på vald (n.) i tydinga ‘(privat) grunn; område med jakt- eller fiskerettar’.
Vald har grunntydinga ‘makt, råderett’, og det heng i hop med verbet valda (norr. valda), som opphavleg tydde ‘ha makt, orka, styra’. Me kan framleis nytta verbet slik («valda over noko»), men som oftast nyttar me valda om å vera årsak til eller skapa noko («valda skade»). Vald er elles i ætt med velde (norr. veldi ‘makt, rike’), veldig (frå lågtysk weldich, eig. ‘som har herredøme over noko’), (for)valta og overvelda (båe frå lågtysk). Opphavet til alle desse orda skal vera ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera sterk, råda’.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.