JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Veldig valdeleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2379
20201113
2379
20201113

Vald avlar vald, vert det sagt, og nokre meiner jamvel at valdsfilmar avlar vald. Å gjeva seg valdsromantikken i vald er tenleg for den som vil skapa eit skrekkvelde, men for valdsoffera er det alt anna enn moro. Det er ikkje for inkje at mange er tilhengjarar av ikkjevaldsprinsippet. Likevel finst her vald, og mang ein valdtektsforbrytar går som kjent fri.

Substantivet vald (norr. vald) var opphavleg eit inkjekjønnsord, slik det framleis er i islandsk (vald), færøysk (vald) og svensk (våld). I nokon mon er det framleis slik i norsk òg, for i mange målføre og i nynorsk er vald eit inkjekjønnsord når det er nytta i tydingane ‘herredøme, rådvelde’ og ‘område, eigedom’, jamfør «ha noko(n) i sitt vald», «plukka molte på valdet åt grannen». Når ordet viser til rå bruk av fysisk makt (jf. grov, blind og stump vald) eller maktmisbruk i vid tyding, har det vorte vanleg å bruka hankjønnsformer: «Valden aukar i byane.» Difor skil den offisielle nynorskrettskrivinga no mellom vald (n.) og vald (m.). I dansk og bokmål er vold eit hankjønnsord, men bokmålet held på vald (n.) i tydinga ‘(privat) grunn; område med jakt- eller fiskerettar’.

Vald har grunntydinga ‘makt, råderett’, og det heng i hop med verbet valda (norr. valda), som opphavleg tydde ‘ha makt, orka, styra’. Me kan framleis nytta verbet slik («valda over noko»), men som oftast nyttar me valda om å vera årsak til eller skapa noko («valda skade»). Vald er elles i ætt med velde (norr. veldi ‘makt, rike’), veldig (frå lågtysk weldich, eig. ‘som har herredøme over noko’), (for)valta og overvelda (båe frå lågtysk). Opphavet til alle desse orda skal vera ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera sterk, råda’.

Pippi Langstrømpe har lært oss at den som er veldig sterk, òg må vera veldig snill. Slik er det med makt og klokskap òg, om me skal tru ordtaket: «Stort vald krev eit stort vit.» Eit anna ordtak slår fast at «når dei små får valdet, veit dei ikkje atterhaldet». Ja, det hender at dei som ikkje er vane med å ha makt, brukar henne uklokt når dei fyrst får henne, men det er ikkje støtt dei store nyttar henne so klokt heller. Mange har vore misnøgde med daneveldet, embetsveldet, ekspertveldet, gubbeveldet, koloniveldet, presteveldet og ikkje minst eineveldet. Og skjemaveldet kan dra pokker i vald!

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis