Vel unnt!Mange av kjenslene og handlingane våre kan smykka seg med eit eige verb, og i den gode enden av skalaen har me

Publisert Sist oppdatert

Mange av kjenslene og handlingane våre kan smykka seg med eit eige verb, og i den gode enden av skalaen har me unna: ‘med glede la (nokon) få eller ha (noko)’. Unning er sanneleg ei samansett sak, for ho inneber at me kjenner glede når nokon andre får noko – kanskje noko me gjerne skulle ha hatt sjølve, som når me unner motspelaren sigeren. I den vonde enden av skalaen har me misunna. Misunning plar vera verst for den som misunner, men det kan vera leitt å verta misunnt òg, i alle fall om du vert misunnt av ein sløg person som er truande til litt av kvart.

Unna er eit arveord som òg vart mykje nytta i mellomalderen. Norrønt unna kunne både tyda ‘elska’ – jamfør avleiingar som unnusta (‘elskarinne, frille’) og verbforma unnast (‘elska einannan’) – og ‘unna’ slik som i dag. I norsk og grannemåla våre er det forma på u- som råder, men i andre germanske mål har eit førefeste på g- snike seg inn, som i tysk gönnen og nederlandsk gunnen. Substantivet gunst (‘velvilje, godhug’) høyrer heime i denne ordfamilien. Det er eit låneord frå lågtysk og har difor g- i front. Ein annan slektning av unna er avund. I fronten her har me av i nedsetjande tyding, jamfør avgud. Me kan soleis seia at avund er vond unning eller «ikkje-unning», eller med andre ord: mis-unning.

Seiemåtar som «det er deg vel unnt» eller berre «vel unnt!» dukkar ofte opp i samband med drikke- og matservering. Stundom kan det vera vanskeleg å sjå om unninga er godt meint, jamfør dette hermestevet: «Drikk til du sprekk, det er deg vel unnt, sa jenta; ho skjenkte øl til kjærasten.» Unning med sting i finst òg, som når me «unner nokon å slita litt». Verre er det når me ikkje unner nokon noko godt: «Dei unner oss ikkje maten.» Men det å ikkje unna nokon noko vondt, det er godt: «Eg unner ingen å kjenna slik smerte.» «Det unner eg ikkje min verste fiende.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement