Veggedyret (eller veggelusa, veggetrollet) er leitt å få i hus, og det er mykje stygt som kan løyna seg i eit vegg-til-vegg-teppe òg. Å ha ei fluge på veggen er heller ikkje bra. Veggefluga kan fanga opp saker som helst ikkje skal koma utom veggene, og dersom fiendane dine får tak i informasjonen, står du med ryggen mot veggen før du veit ordet av det. Men lat oss no setja vegg til veggs før dette veggspelet går so langt at folk går på veggen.
Vegg (norr. veggr) er eit nedervt ord som no berre vert nytta i nordiske mål: svensk vägg, dansk væg, islandsk og færøysk veggur og norsk vegg. Ordet er elles funne i det gamle målet gotisk, då i forma waddjus. Det sams utgangspunktet er ei germansk form som kan ha sett slik ut: wajju- (jf. Norske arveord av Bjorvand og Lindeman). Wajju- vart opphavleg nytta om vegger av flettverk, og det er avleitt av eit indoeuropeisk ord som tyder ‘fletta, tvinna’. Eit anna ord som opphavleg viste til vegger av flettverk, er tysk Wand (‘vegg’). Det er i ætt med vårt vinda.
I atter ein annan ordflokk finn me engelsk wall, som skal vera i ætt med latin vallum (‘festningsverk, jordrygg (med påleverk på)’, jf. voll). Wall vert nytta om både husvegger og festningsverk eller murar. I mange mål – som norsk – er det vanleg å nytta ulike nemningar for dei to sakene. Me talar om Berlinmuren (tysk die Berliner Mauer), ikkje «Berlinveggen». Men engelskspråklege talar om the Berlin Wall. Det er likevel ikkje tjukke skiljevegger mellom desse orda. Norrønt veggr tedde seg om lag som engelsk wall: Ordet borgarveggr vart nytta om borgmurar. Det sit i alle fall mykje historie i slike vegger, og det er leitt å renna hovudet mot dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.