Vatn med smak
Aldri så gale at det ikkje kan lære oss noko.
Vatn på flaske – fordi av og til er du akkurat så tyrst.
Foto: pxhere
Eigentleg handlar spalta denne veka om heilt unødvendige produkt. Produkt som ikkje har noko på den positive sida av ei matspalte å gjere. Eg meiner, vatn på flaske, med smak framstilt av kunstige aromastoff? Slikt burde ein vel ikkje ta i med eldtong eingong?
Nei då. Sjølvsagt ikkje. Men så er det dei dagane, når ein rett og slett ikkje har med seg vatn eller ei tom flaske heimanfrå, og så vert ein tyrst, og så går ein på butikken, og kva skal ein eigentleg kjøpe? Ikkje likar ein brus, eller kanskje ein ikkje har lyst på så mykje sukker, og juice eller mjølk fungerer liksom ikkje like godt om ein er skikkeleg tyrst, ikkje vatn med kolsyre heller, sidan det går for seint å drikke så mykje CO2. Då er desse vassflaskene, desse nye, med smak, kan hende eit alternativ likevel – ei orsaking, fordi dei, sidan dei er tilsett smak, ikkje berre er springvatn som vert transportert kringom i landet?
Kva er skilnaden?
Eg meiner, kva er skilnaden på å kjøpe vatn smaksett med kunstige aromastoff, men utan kolsyre, sukker og fargestoff, og vatn smaksett med kunstige aromastoff, med kolsyre, sukker og fargestoff, altså betre kjent som brus?
Ved fyrste augnekast synest skilnaden liten, eller til og med som at vassflaskene må kome monaleg betre ut. Men for at jamføringa skal holde stikk, må alle opplysningane stemme. Og det gjer dei ikkje nødvendigvis. Tvert om er vatn blant varegruppene der det har vorte lettast å ende opp med katten i sekken.
Ta nærbutikken min, til dømes. Der står dei side om side: ei 0,7 liters flaske med «sugetopp» som heiter Telemark og er produsert av Bonaqua og Coca-Cola, og ei kliss lik flaske frå Imsdal, produsert av Ringnes. Telemark kostar 34 kroner per liter, medan Imsdal kostar 41 kroner (før pant). Begge kjem med smak av enten sitron eller eple. Ingenting tyder på at desse produkta skil seg radikalt frå kvarandre, med andre ord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.