JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vandepilt med lærevanskar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2372
20200904
2372
20200904

Mange av orda som er vanlege i norsk tale, har den lagnaden at dei sjeldan vert nytta i skrift. Underskrivne voks opp på Austlandet i 1990-åra og lærte å bruka adjektivet vænnu og personnemninga vænnulæpa («kresenleppe») om folk som var vanskelege i matvegen. I normert skrift var det likevel utenkjeleg å bruka desse orda, for i «vanleg norsk» heitte det kresen, pirkete og anna slikt. Sanninga er at orda fint kan brukast i normert skrift, i alle fall i nynorsk. Der har dei skrivemåten vandug (el. vandig) og vandug-lepe.

Fremst i desse orda står det nedervde adjektivet vand (norr. vandr). Dette ordet kan me bruka om alt som er innfløkt eller krevjande («eit vandt arbeid», «ei vand bok», «vandt å vita»), og om noko det finst lite av («vandt om pengar»), og om folk og andre skapningar som er kresne eller nøgne («vera vand på maten», «vera vand i kledevegen»). Samansetjingar som matvand og folkevand (‘nøye på kven ein omgåst’) har me òg. Vand er i ætt med verbet vinda (‘vrida, tvinna’) og tydde opphavleg ‘vriden’. I same ætta finn me substantivet vande (‘det å vera vand; hindring, knipe’), som i bokmål har dansk form og ei litt anna tyding: vånde (‘sterk uro, sorg, pine’). Mykje tyder på at orda vanske og vanskeleg òg høyrer heime her. Skrivemåten vandske var tolleg vanleg før.

Stundom hadde det vore fint om alt var uvandt eller vandelaust (lett), men som ordtaket seier: «Var der ingen vande, so var der ingen kunst.» Å møta vanskar kan vera leitt, men å vinna over vanskane plar vera svært tilfredsstillande. Rett nok er det ikkje moro å arbeida i lag med folk som er vanskelege å ha med å gjera. Då vert det lett samarbeidsvanskar. Forvanska skrivemåtar kan òg vera til heft, i alle fall om ein alt i utgangspunktet har vanskeleg for å lesa.

Seiemåten «vera i vanden stadd (el. stilt)» kan me bruka om folk som er i ei vanskeleg stode, til liks med ordet vanskelegstilt. Om me vantar noko, til dømes mjølk, kan me seia at me er i vande for mjølk. Vandug-lepe er elles ikkje den einaste nemninga for matvande folk. I målføra finst ord som vandepose, vanderauv, vandlepe, vandepilt, vandpis(e), vandprutt og vandpåle (jf. Norsk Ordbok). Born som er vanskelege å få til å sova, eller som ikkje lett får sova der det er uro, er vandsvævde.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis