Vandepilt med lærevanskar

Publisert

Mange av orda som er vanlege i norsk tale, har den lagnaden at dei sjeldan vert nytta i skrift. Underskrivne voks opp på Austlandet i 1990-åra og lærte å bruka adjektivet vænnu og personnemninga vænnulæpa («kresenleppe») om folk som var vanskelege i matvegen. I normert skrift var det likevel utenkjeleg å bruka desse orda, for i «vanleg norsk» heitte det kresen, pirkete og anna slikt. Sanninga er at orda fint kan brukast i normert skrift, i alle fall i nynorsk. Der har dei skrivemåten vandug (el. vandig) og vandug-lepe.

Fremst i desse orda står det nedervde adjektivet vand (norr. vandr). Dette ordet kan me bruka om alt som er innfløkt eller krevjande («eit vandt arbeid», «ei vand bok», «vandt å vita»), og om noko det finst lite av («vandt om pengar»), og om folk og andre skapningar som er kresne eller nøgne («vera vand på maten», «vera vand i kledevegen»). Samansetjingar som matvand og folkevand (‘nøye på kven ein omgåst’) har me òg. Vand er i ætt med verbet vinda (‘vrida, tvinna’) og tydde opphavleg ‘vriden’. I same ætta finn me substantivet vande (‘det å vera vand; hindring, knipe’), som i bokmål har dansk form og ei litt anna tyding: vånde (‘sterk uro, sorg, pine’). Mykje tyder på at orda vanske og vanskeleg òg høyrer heime her. Skrivemåten vandske var tolleg vanleg før.

Stundom hadde det vore fint om alt var uvandt eller vandelaust (lett), men som ordtaket seier: «Var der ingen vande, so var der ingen kunst.» Å møta vanskar kan vera leitt, men å vinna over vanskane plar vera svært tilfredsstillande. Rett nok er det ikkje moro å arbeida i lag med folk som er vanskelege å ha med å gjera. Då vert det lett samarbeidsvanskar. Forvanska skrivemåtar kan òg vera til heft, i alle fall om ein alt i utgangspunktet har vanskeleg for å lesa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement