Ord om språk
Ute ei vinternatt
«Når våren kjem, er vinteren gløymd», seier ordtaket. Me er ikkje heilt der enno, jamvel om me er i gang med ettervinteren. Fylgjeleg lyt me venta med å syngja den fine lina til Aasmund Olavsson Vinje: «Enno ei Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma.» Men me har gjort unna januar, ein månad som har vore skildra slik: «Dagen lengjest, og vinteren strengjest.»
Ved kysten er vintrane gjerne mildare og grønare enn dei er i innlandet. Underteikna bur i byen som skipa dei olympiske vinterleikane i 1994, og her aular det av folk som driv med vinteridrett. Andre meiner at det slett ikkje er verande i Noreg vinterstid. Nokre av dei bur i Syden om vinteren. So har me dei som likar båe delar: Dei dreg til ein vintersportsstad i vanlege helgar og til Syden i vinterferien.
Ordet vinter er utan tvil mange vintrar gamalt, men opphavet er uvisst. Me veit at forma vinter kjem frå dansk. Den heimlege forma er vetter (norr. vetr, jf. islandsk og færøysk vetur). Sameleis veit me at ordet berre finst i germanske mål (t.d. engelsk winter, tysk Winter). Nokre har gissa at vinter kjem av eit ord for ‘kvit’. Andre meiner at det kjem av eit ord for ‘vatn’. Fasiten har me ikkje.
Tydinga kan òg vera litt flytande. Me nyttar vinter om årstida mellom haust og vår, og månadene desember, januar og februar vert rekna som vintermånader. Men vinteren kan koma tidleg og fara seint, og ordet vinterhalvår femner meir enn dei tre månadene. Dessutan kan me finna på å seia, når me har lagt bak oss alle vintermånadene, at me «nesten ikkje har hatt vinter». Då tyder vinter ‘vêr som er typisk for vinteren (kulde, snø)’. Mange likar å anda inn rein vinterluft i vinterkledde fjell, men fimbulvinter er det få som ynskjer seg.
Når vinteren kjem, lyt me finna fram vinterklede, vinterskor og vinterdekk. Men mange har det same arbeidet, køyrer på dei same vegane og et mykje den same maten som elles i året. Før var skiljet mellom årstidene større, med vinterarbeid, vintervegar og vinterkost. Det galdt å ha eit retteleg vinterforråd, jamfør ordtaket «Vinteren har ei stor vom».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.