Ute av historia

Ei sjakkscene frå ei filmatisering av «Tolv stolar». I romanen frå 1928 er namnet Verlinskij viska vekk.
Ei sjakkscene frå ei filmatisering av «Tolv stolar». I romanen frå 1928 er namnet Verlinskij viska vekk.
Publisert

Fyrste gongen eg la merke til namnet, var i ei historie fortald av verdsmeisteren frå 1957, Vasilij Smyslov. Scena er kjend for sjakkspelarar: Ein sit på hotellrommet og tenkjer på motstandaren neste dag. Motstandaren sit på eit anna rom nokre få meter unna og tenkjer liknande tankar.

Fjodor Duz-Khotimirskij sveipte seg inn i eit laken og gjekk til kollegaen på naborommet: «I morgon må du tapa mot Duz-Khotimirskij. Uhu, uhu», sa skrømtet Duz-Khotimirskij med grov røyst. Boris Verlinskij sa ikkje noko, la seg til å sova og vann partiet neste dag.

Duz-Khotimirskij dukkar òg opp i ei litterær scene saman med sjakkmeisteren Perekatov i sjakkromanen Tolv stolar av forfattarduoen Ilf og Petrov, kultromanen som verdsmeister Tal skreiv ei avhandling om. I ei fotnote i ei sovjetisk utgåve av romanen står det at identiteten til Perekatov er ukjend. Men nyare russisk-ukrainsk sjakkhistorie- og litteraturforsking slår fast at det er Verlinskij som er modell for denne karakteren.

Kven var eigenleg Boris Verlinskij? Han både var og ikkje var den fyrste sovjetiske stormeisteren. Dette var hans tragedie. Han vart fødd i Odessa i 1887 i ein fattig jødisk familie. Ulukka kom tidleg i form av ein hjernehinnebetennelse som gjorde at den evnerike guten miste høyreevna og språket. Han måtte gje opp skulen og fiolinspelinga og kunne berre spela sjakk. I Moskva i 1925 vann han mot den cubanske verdsmeisteren Capablanca.

Sjakken i den unge Sovjetstaten hadde vind i segla, og den sovjetiske stormeistertittelen vart etablert. Vinnaren av sovjetmeisterskapen i 1929 skulle få æra av å verta den fyrste stormeisteren. Verlinskij vann, men kort tid seinare miste han tittelen han hadde fått på livstid. «I Sovjet må vi heva oss over titlar og slikt», sa styresmaktene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement