Utblanda blandingsmål

Publisert

Blandaball og ferdigblanda saft kan vera godt, og frukostblanding blanda med mjølk er kvardagskost for mange. Den tradisjonelle drykken blande (som regel sur mjølk eller myse blanda med vatn, òg kalla blende, myseblanding, syreblande ofl.) er ikkje like vanleg lenger. Å blanda giftfrie matvarer er i alle fall betre enn å driva med blandingsmisbruk. Å blanda ublanda whisky med blandevatn er òg misbruk, meiner somme, men det er ikkje like farleg.

Blanding er med andre ord noko me driv mykje med, og me er sjølve laga på den måten: Celler frå to individ har blanda seg og vorte til eit nytt individ. Det er jamvel tradisjon for å nytta ordlaget «blanda seg» i tydinga ‘ha samlege’ (jf. norr. blandast). Hovudtydinga til blanda er likevel ‘hella, røra i hop’. Me finn verbet i alle dei nordiske måla, og det er elles registrert i gamle mål som gotisk (blandan) og gamalhøgtysk (blantan). Verbet hadde truleg grunntydinga ‘gjera urein, uklår og mørk (gjennom tilsetjing)’. Nærskylde ord er blenda, blund og blind. I dag brukar me helst blind i tydinga ‘som ikkje kan sjå’, men ordet har nok opphavleg tydt ‘uklår, ugjennomsynleg’.

Me menneske likar gjerne det reine og åtskilde betre enn det som er ihopblanda. Somme vert beint fram fråstøytte av stilblanding, blodblanding og målblanding, og me skal vera varsame med å blanda oss inn, bort eller opp i andre sine saker. Ikkjeinnblandingspolitikk er stundom det beste. Eit blanda selskap er eit lag med ymse slags folk, eller som det står i Nynorskordboka: ‘lag el. selskap der det òg finst dårlege element’. Ja, kan henda finst det giftblandarar der eller folk som jamt blandar korta medan dei syg på blanda drops.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement