Ord om språk
Ut og søkja tenest
«Når alle var rike, ville ingen ta tenest», seier ordtaket. Me er slett ikkje komne i den stoda. Det er framleis mange her i verda som tener lite eller inkje, medan nokre får meir enn dei fortener og treng. Men dersom me skriv om ordtaket litt, får me ei råkande skildring av stoda i Noreg i dag: «Når landet var rikt, ville ingen ha dritjobbane.»
Å vera tenar treng ikkje vera nokon dritjobb. Sjå på stumtenaren: Han berre står der! Og kva skal me seia om augnetenarane, som berre er trottuge i tenesta når nokon (helst ein overordna) kan sjå det? Mellom dei mange som ser på seg sjølve som tenarar for Herren, finn me jamvel nokre som lever i sus og dus. Men stort sett er tenarlivet ufritt og strevsamt. Det er heilt i tråd med opphavet til tenar og dei andre tene-orda. Dei kjem truleg frå ei indoeuropeisk rot som tyder ‘laupa, renna’.
Tena er gamal i tenesta og kan gjerne få heidersteikn for lang og tru tenest. Samansetjingane avtena («avtena verneplikta») og betena («betena kundane», «ei betent hytte») er for tida på tenestereise saman med tilsette i tenesteytande næringar. Då er det godt at tenest (el. teneste) står til tenest. For det er ikkje berre tenarar og tenestepersonar som driv med tenester. Me kan alle gjera nokon ei tenest, beda nokon om ei tenest, melda oss til tenest og møta til tenest.
Kjøkentenest og venetenest er lite omstridde ord, men kva med bjørnetenest? Er det velmeint hjelp som vert mest til skade, eller ei stor tenest? Det tener ikkje til noko å gå djupare inn i den saka, for ho er vorten omtala i tallause språkspalter og språkbøker allereie.
Språkrådet seier rett nok at det kan «være en bjørnetjeneste å ikke lære barna den tradisjonelle betydningen av ordet bjørnetjeneste». Ja visst! Me må berre hugsa å læra dei at det finst andre tenester i verda òg, som gudstenest, helsetenest, etterretningstenest og ymse betalingstenester.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.