Vêr er det støtt, men det seier seg sjølv at me ikkje kan få støtt (stabilt) vêr støtt. Verda vår er i grunnen temmeleg ustø: Her er mangt som losnar, vinglar, skjelv og skifter. Det gjeld å ha noko eller nokon å stø seg til, anten det er eit ryggstø eller rolege og støe skyldfolk.
Adjektivet stø (landsmål stød) er eit arveord me berre finn i nordiske mål. Visseleg finst det ord utanfor nordisk som liknar og endåtil er i ætt med stø, til dømes engelsk steady, men same ordet er det ikkje. Stø har truleg hatt grunntydinga ‘ståande’. Ordet heng i hop med stå og høyrer til ei stor ætt der me òg finn ord som stad, stode, stø (‘landingsstad’, jf. båtstø, ferjestø), stødig, einstøing, stø (‘stokk, påle e.l. til å stø noko’, jf. ryggstø, bokstø), stønad (som heilt har trengt bort studnad) og verbet stø (landsmål stydja). Dersom me held stø kurs attover i ordsoga, ser me at stø dessutan er i ætt med dei latinske verba stare (‘stå’, som har gjeve oss låneord som distanse, konstatera, stasjon, stat), statuera (‘stilla opp’, jf. konstituera, institutt, statue) og sistere (‘setja, stilla’, jf. assistera, eksistens, resistens).
Me kan bruka stø om mest alt som er fast eller trygt, og det har ikkje noko å seia om fastleiken og tryggleiken er handfast eller biletleg og uhandgripeleg. For ustø gjeld det motsette. Me kan seia at eit bord står støtt eller ustøtt, og at ein person går med støe eller ustøe steg. Men me kan òg seia at einkvan er stø eller ustø i rettskriving og stø eller ustø på seg sjølv. Det å vera god til noko og trygg på seg sjølv er med andre ord ein slags støleik. Sameleis kan me bruka stø om det å vera viss eller overtydd om noko: «Ho var stø på det.» «Eg er ikkje stø på årstalet.» Merk òg at me kan nytta dei bokstavlege og biletlege tydingane til (u)stø om einannan: Ein person som er ustø på handa, kan fint leia ei verksemd med stø hand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.