Sjakk
Uskuldig
Dei innsette elskar sjakk, og eg har spela i ymse norske fengsel.
Foto: Cathrine Holden
Eg har gått inn og ut av norske fengsel eit dusin gonger. Somme kan ha fått 21 år, men er ufarlege «brikkeflyttarar» når eg kjem. Andre er farlege, og eg får ikkje møta dei.
Ein gong, langt borte frå sjakklokalet, kom det likevel tre skumle menn mot meg. Eg skjøna på nykelknippa at to av dei var vaktarar. Den tredje i midten ropte: «Har du spela mot Carlsen?» «Ja.» «Har du slege han?» «Nei.»
Sist gong vart tryggleiken diskutert. Sjefvaktaren sa: «Det skal gå bra, vi har ein sjakkinteressert mann i rekneskapsavdelinga òg.» Det var godt å høyra i fall nokon av dei innsette planla underslag under sjakkseansen. Kor som er, litt svinn må ein rekna med. Som ein fange sa til meg: «Jakka du hengde over stolen, kan du kjøpa på Finn.no om nokre veker.»
Dei innsette elskar sjakk. Bibliotekarane konstaterer at somme et offentleg sjakkutstyr til frukost. Borte vekk er det – om ein ikkje finn det attende på Finn.no.
Dei innsette har større musklar og er betre sjakkspelarar enn gjennomsnittsnordmannen. Dei fyller dagane med styrketrening og sjakk. Dei har ikkje internett, så somme les bøker. Ein intellektuell type kommenterte sjakkspalta og sa at han ein gong hadde sett ein Dag og Tid-skribent på eit bibliotek. «Veit du kven?» spurde han. «Kor mange gjett får eg?» spurde eg. Rett svar var Håvard Rem.
Dei fleste norske fangane kan banna på russisk. Ein vestlending sa han var eit språkgeni og byrja prata russisk med meg. Han hadde lært russisk av di han var interessert i tsjetsjensk kampsport.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.