Ord om språk

Usedvanleg sedlaus

Publisert

«Used er lettare lært enn avlagd», seier ordtaket. Vonlaust er det likevel ikkje. På same vis som me kan læra oss gode seder, kan me leggja av oss useder. Stundom lyt sedskapspolitiet koplast inn, men mykje av det som vert kalla sedløyse, er so meinlaust at folk ordnar opp seg imellom. Til dømes når nokon syng sedlause viser. Sedskapsforbrytarar flest har gjort verre ting enn det.

Kva som går for å vera sed og used, skifter med tid og stad. «Kvar sokn har sine seder», heiter det. Og: «Andre tider har andre seder.» Levemåtar som har vore rekna som usedelege, kan med tida verta fullt ut godtekne. Andre tider har òg andre ord, og det kan henda at glanstida til sed er over no. Mange i dag møter nok sed fyrst og fremst i faste ordlag («gamle seder og skikkar») og samansetjingar som sedvane (og sedvanerett) og usedvanleg.

Sed har vore med oss lenge, og det same kan me seia om tydingane ‘bruk, skikk; tilvand åtferd, vane’. I norrønt vart ordet òg nytta om gudstru (slik ho syner seg i seder og liv). Vendinga «den gamle (forne) seden» viste til heidendomen, medan «den nye seden» var kristendomen. Seinare er sedelære nytta som avløysar for ‘moralfilosofi, etikk’. Aasmund O. Vinje og andre tidlege målfolk nytta sedhevd for ‘danning, kultur’, men det ordet har ikkje slege igjennom.

Me veit lite om bakgrunnen til sed. Ein teori er at det kjem av ei rot som tyder ‘binda’, og at sed soleis er i ætt med ord som sele og sene. Det rimar bra, i alle fall biletleg. Skal ein verta eit velseda menneske, lyt ein læra å leggja band på seg. Ja, det er berre å leggja seg i selen! Rett nok finst det slikt som fri barneoppseding, men skal ein leva eit sedeleg liv, må ein ha ei viss styring på impulsane sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement