Ungdomen og opposisjonen

Kongen helsar på kronprinsen før det avgjerande partiet.
Kongen helsar på kronprinsen før det avgjerande partiet.
Publisert

Av dei unge i dag, la oss seia i alderen 16 til 26, er det berre Alireza Firouzja (17) som peikar seg ut som ein mogleg verdsmeister. Han har brote med heimlandet Iran og bur i Frankrike, men representerer formelt verdssjakkforbundet FIDE.

Firouzja spela betre enn verds­toaren Fabiano Caruana (27) i Norway Chess og vart den farlegaste konkurrenten til Magnus Carlsen (29) i Stavanger. Oppgjeret mellom meisteren og læreguten i nest siste runde skulle avgjera spørsmålet om turneringssigeren, men det stod mykje meir på spel. Kongen hadde kalla inn kronprinsen for å meisla ut vegen vidare. Men båe stod på sitt, på felta c5 og c3.

Firouzja med kvit (i trekket) gav opp med eit par sekund attende på klokka. Det avgjerande poenget er at ingen av spelarane vil vera i trekket når ein står mot kvarandre i den steile «kongeopposisjonen». Sidan ungguten er i trekket, vinn meisteren av di svart vil trengja inn i den kvite stillinga og til slutt vinna bonden på e4. For sjakkspelarar er prinsippet om «opposisjonen» barnelærdom.

Så spørsmålet alle stiller seg, er korleis det største sjakktalentet i verda vart lokka inn i opposisjonen. Publikum såg at den unge persaren rista og skalv under partiet. Sjølv sa Firouzja dagen etter at han ikkje var nervøs, men kva var det då?

Vi har sett noko liknande éin gong før. I Moskva i november 2006, like før Carlsen fylte 16 år, tapte ungguten eit elementært tårnsluttspel (tårn mot tårn og bonde) mot Levon Aronjan. Russarane skjøna ikkje korleis noko slikt var mogleg. Dette er jo barnelærdom. Trenaren til Carlsen, dansken Peter Heine Nielsen, smilte tappert, men kunne ikkje forklara kva som skjedde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement