Under lok og lås

Publisert

«Lås utan lykel er lite gagn i», seier ordtaket, og me kan vel alle sanna den påstanden. Samstundes veit me at det finst gagnlege låsar utan lykel, til dømes borrelås, vasslås og rattlås. Låsen kan jamvel vera ein stein eller stokk. Ordet låsingstein vert gjerne nytta om ein liten stein som syter for at ein større stein ligg i ro, og ein låsstokk held fast ein heil dunge tømmer. Kan kva som helst tena som lås?

Me kan i alle fall bruka ordet lås om mange slags stengjegreier og sperringar. Lås er eit nedervt substantiv, men kjønnsidentiteten til ordet er alt anna enn fastlåst. Norrønt láss er hankjønn, men i samansetjinga hverfilás er ordet inkjekjønn. Svensk lås og færøysk lás er òg inkjekjønn, medan færøysk lásur (mest nytta i gamalt mål) og islandsk lás er hankjønn. I nynorsk og bokmål kan me rett og slett velja: Både hankjønn og inkjekjønn er lov. Når det gjeld opphavet til lås, er det vanleg å gå ut frå at ordet er i ætt med det norrøne substantivet löm (‘gjenge, hengsle’). Etymologien er elles uviss.

Ord som er avleidde av eit ord som har á (å) som rotvokal, får gjerne æ som rotvokal, jamfør våt–væta, tråd–træda og mål–mæla. Slik er det med lås òg: Av lås kjem verbet læsa (læser–læste–læst). Forma låsa skal vera yngre. Ho er med i Norsk Ordbog (1873) av Aasen, noko som tyder på at forma fanst i folkemålet på den tida, men Aasen opplyser at låsa er «sjelden». Det var læsa som var det vanlege, og i målføra er forma framleis vanleg, men i 2012 gjekk ho ut or den offisielle nynorskrettskrivinga. Låsa står att som eineform. Det er likevel sikkert som lås at me ikkje hamnar bak lås og slå om me vel å skriva «læsa seg ute», «læsa (att) døra», opplæst, attlæst, inn(e)læst eller ulæst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement