JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Under lok og lås

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20200911
2368
20200911

«Lås utan lykel er lite gagn i», seier ordtaket, og me kan vel alle sanna den påstanden. Samstundes veit me at det finst gagnlege låsar utan lykel, til dømes borrelås, vasslås og rattlås. Låsen kan jamvel vera ein stein eller stokk. Ordet låsingstein vert gjerne nytta om ein liten stein som syter for at ein større stein ligg i ro, og ein låsstokk held fast ein heil dunge tømmer. Kan kva som helst tena som lås?

Me kan i alle fall bruka ordet lås om mange slags stengjegreier og sperringar. Lås er eit nedervt substantiv, men kjønnsidentiteten til ordet er alt anna enn fastlåst. Norrønt láss er hankjønn, men i samansetjinga hverfilás er ordet inkjekjønn. Svensk lås og færøysk lás er òg inkjekjønn, medan færøysk lásur (mest nytta i gamalt mål) og islandsk lás er hankjønn. I nynorsk og bokmål kan me rett og slett velja: Både hankjønn og inkjekjønn er lov. Når det gjeld opphavet til lås, er det vanleg å gå ut frå at ordet er i ætt med det norrøne substantivet löm (‘gjenge, hengsle’). Etymologien er elles uviss.

Ord som er avleidde av eit ord som har á (å) som rotvokal, får gjerne æ som rotvokal, jamfør våt–væta, tråd–træda og mål–mæla. Slik er det med lås òg: Av lås kjem verbet læsa (læser–læste–læst). Forma låsa skal vera yngre. Ho er med i Norsk Ordbog (1873) av Aasen, noko som tyder på at forma fanst i folkemålet på den tida, men Aasen opplyser at låsa er «sjelden». Det var læsa som var det vanlege, og i målføra er forma framleis vanleg, men i 2012 gjekk ho ut or den offisielle nynorskrettskrivinga. Låsa står att som eineform. Det er likevel sikkert som lås at me ikkje hamnar bak lås og slå om me vel å skriva «læsa seg ute», «læsa (att) døra», opplæst, attlæst, inn(e)læst eller ulæst.

Det er leitt når noko går i baklås, (v)ranglås eller meinlås, men ordlaget «gå i lås» vert òg nytta om saker som går i orden: «Det gjekk i lås med ei avtale.» «Det gjekk i lås med dei.» Då klikkar det mestsom på plass. Det er verre når noko som skal vera ope eller i rørsle, låser seg, jamfør desse døma: «Kjeven låste seg.» «Situasjonen er låst.» «Dei hadde låst seg til eit standpunkt på førehand.» Då hjelper det lite å ringja låsesmeden. Me veit elles ikkje kor lenge me kjem til å leva, eller som ordtaket seier: «Det har ingen lås for sitt liv.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis