Ugrei urin
Ein urinprøve kan fortelje både eitt og hitt.
Foto: David Goldman / NTB scanpix
Den vitskaplege utviklinga har gjort kroppen til forteljar. Når vi har vore på legekontoret og levert det vi skal, kan legen fortelje oss mykje om oss og kroppen vår.
Væskene vi leverer, er fulle av informasjon. Ein bomullsdott som blir vætt av spyttet vårt, fortel om DNA-et vårt. DNA er ein presis forteljar. Han fortel om historiske folkevandringar, kvar vi alle kjem ifrå. Og han kan fortelje om far vår er den vi alltid har trudd han var, om vi skulle vere i tvil om det. Det same kan blodet fortelje.
Og urinen vi leverer frå oss, fortel, nokså inngåande, om kva vi har putta i munnen og svelgt ned.
I dag flyt denne kroppsvæska rundt i media og storpolitikk og skaper internasjonal dramatikk.
Det er påvist, ut over rimeleg tvil, som det heiter i rettsspråket, at det vart juksa med dopingprøvane under dei olympiske leikane i Sotsji i Russland. Jukset var styrt frå høgaste politiske hald for å skaffe heimeatletane fine medaljar. Og dopingprøvane var urinprøvar. Urinen er ein god forteljar når doping skal påvisast. Restane av dopen ligg att i urinen.
Slike prøvar var vore i bruk i fleire tiår, og mange idrettsutøvarar er blitt avslørte og sende heim. Det er mange rørande forteljingar om problemet med å tvinge fram den nødvendige skvetten etter ei femmil, der pust og sveitte har tømt væskelagera i kroppen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.