Ublyge prisar

Publisert

Blygd og dygd høyrer i hop, og verda hadde vorte utriveleg dersom alle kauka og kravde og olboga seg fram. Me burde kanskje ha verdsett og dyrka blygskapen meir enn me gjer, men framfusingane er ikkje huga på slikt. Dei seier berre: «Altfor blyg kjem ingenstad fram.» For somme er blygsla jamvel eit trugsmål mot livsgrunnlaget, jamfør dette ordtaket: «Blygsla er fattigmanns skade.» Eller som det heiter i grannelandet: «Blyg hund blir sällan fet.» «Blyg tiggare får ofta svälta.»

I norrøne kjelder er adjektivet blyg (eldre bljug) berre registrert som mannsnamn. I boka Norderlendske fyrenamn (1988) av Eivind Vågslid kan me lesa at namnet er nytta i skaldskap «um ein som er bljug, liti for seg». Det er just som Blygen i Snøkvit og dei sju dvergane: Han seier lite og raudnar jamt. I dag er blyg eit tolleg vanleg adjektiv, og det har to hovudtydingar. Me kan bruka ordet om folk som er atterhaldne, smålåtne og helst vil vera i bakgrunnen, og me kan bruka det om folk som lett vert skjemde når usømelege hendingar og samtaleemne dukkar opp. Dei to sakene treng ikkje ha noko med einannan å gjera: Det er mogleg å vera atterhalden og stillfarande utan at skamkjensla er innblanda i det.

Likevel ser me ofte at det stillslege og sømelege fylgjest åt, på same måte som det brautande og grove ofte heng i hop. Eller som ordtaket seier: «Det er sume for blyge og sume for dryge.» Kvinner har i større grad enn menn vorte oppmoda til å vera blyge, og det er nok ikkje so reint få unge jenter som har vore skitblyge (‘tilgjort blyge’) snarare enn retteleg blyge. Underlivet har i alle fall vore inntulla i skamkjensle og blygskap, og i bibelmål vert kjønnsorgana rett og slett omtala som blygsle (bm. blussel): «[Sem og Jafet] vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin.» (1 Mos 9,23 i 1938-omsetjinga)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement