Uansvarleg immunforsvar

Publisert

Stundom er spørsmåla viktigare enn svara, men hovudregelen er at dei som spør om noko, vil ha svar på det dei spør om. Me kan svara med ord, ein smil eller eit skuldertrekk, eller me kan teia og halda oss i ro, for som ordtaket seier: «Inkje svar er òg eit svar.» Mange set likevel pris på klår tale og endåtil kvasse avslag: «D’er godt å få slike svar at ein slepp å spørja meir.»

Svar (norr. svar, fleirtal svör) er lett å kjenna att i grannemåla: Det heiter svar i svensk, dansk, færøysk og islandsk, rett nok med ulike bøyingar og talemålsformer. Hans Ross (1833–1914) registrerte til dømes forma svor (eintal) i Vest-Telemark og Setesdal. Engelsk answer (‘svar’), frå gamalengelsk andswaru, høyrer òg heime i denne flokken. Answer har fått førefestet and- (‘mot, til’) og svarar soleis til norsk ansvar (eig. andsvar, jf. andføttes, andsølt ‘mot solretninga’ og andlet, som kjem av and ‘mot’ og líta ‘sjå’). Førefestet and- finn me òg i tysk Antwort (‘svar’), eit ord som elles ikkje har noko med svar å gjera. Men vårt sverja, engelsk swear og tysk schwören er i ætt med svar, til liks med verbet svara. Utgangspunktet for det heile skal vera eit førgermansk ord med tydinga ‘tale’.

Den som får svar på tiltale, får svar som fortent, og då er det lett å gå i forsvarsposisjon. Orda forsvar og forsvara skal vera komne inn i norsk gjennom dansk, truleg med eit lågtysk verb (verantworden) som utgangspunkt. I norrønt finn me seiemåten «svara fyrir» (‘ha ansvar for’), dessutan vart fleirtalsforma av svar ofte nytta i tydinga ‘forsvar i ei sak’. Ordlaget «halda upp svörum» tyder ‘føra forsvaret’. I dag talar me om sjølvforsvar, forsvarsspelarar, forsvarsløyse og forsvarsadvokatar, og somme meiner at det er uforsvarleg å ikkje ha eit skikkeleg luftforsvar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement