Typografen som elska sjakk
Bøkene til Sigurd Heiestad (1903–1987) kan ein finna i alle antikvariat.
Han var ein bauta i Sjakk-Noreg og hadde det i kjeften, herda av den gamle typografskulen.
Typografen Sigurd Heiestad kjende Aftenposten frå innsida, og etter ein prat med sjefredaktør Einar Diesen tok han kontroll over sjakkspalta i 1951. Spalta heldt fram til 1978. Heiestad hadde sjølv vore nummer to i noregsmeisterskapen i 1935: «Dem spelte bedre i tredveåra enn i dag. Tenk deg om – Capablanca og Alekhin!», sa han til Norsk Sjakkblad då han fylte 80 år i 1983. «Den største norske sjakkbegavelsen var Erling Myhre (1903–1971). Men han var en hodepine for oss sjakkjournalister. Det var et helvete å tolke notasjonsskjemaene hans», fortalde typografen som vart sjakkjournalist.
Han gav òg ut bøker på rekkje og rad. «Jeg har solgt godt over 100 000 bøker totalt». Men då Norsk Sjakkblad spurde om læreboka hans på Cappelen forlag snart kom i nytt opplag, vart han oppfarande: «Hør her: Det ringer en medisterdeig fra forlaget og sier at boka er for rotete til at nyutgivelse kommer på tale. Hva gir’u meg? Dem brukte en IM som konsulent, og han skal ha sagt at boka bare var rot. Jeg skal slakte han som sier at jeg har drivi med rot. Herregud – og så skal hu derre hurpa i forlaget sette en Internasjonal Mester på’n som konsulent. Ikke blir’u kompetent til å skrive bøker bare fordi du får en sånn tittel å vifte med. Hva veit en poengplukker om sjakkhistorikk? Han stuten i forlaget veit ikke hva’n gjør.»
Heiestad stod òg bak den populære radiosjakken i NRK. Nordmenn i hundretusental følgde sjakklandskampar over radio – eitt trekk kvar dag. «En gang måtte jeg på kort varsel holde et sjakk-kåseri på radioen. La gå, tenkte jeg. Og forberedelsene til kåseriet mitt, jo, det var at jeg satte meg ned i parken på Marienlyst, drakk mjælk og titta på jentene.» «Melk?», spør intervjuaren. «Korrekt! Javisst pokker. Men det er dårlig dekning av sjakk i fjernsynet. Kanskje jeg dilter inn der. Vi får se.» Såleis kunne norsk sjakk vera den gongen, før Internett og Magnus Carlsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.