Mat

Tynnskoren lukke

Den heilage treeininga kjøt, sopp og lauk.
Publisert Sist oppdatert

Det er bikkjekaldt no om dagen. Sjølv om eg ikkje kan skryte på meg dei surrealistiske kuldegradane i Kautokeino eller Folldal, bit kulda godt i hovudstaden òg.

Eg bur på vestsida av byen ned mot hamna, og fukt frå sjøen kombinert med innfule vindkast frå nordaust gjer at eg ofte tyr til ei trøyst på kveldstid: Eg bryggjar min eigen glovarme versjon av lumumba, kakaodrinken som er oppkalla etter ein kongolesisk politikar og fridomskjempar.

Ein kokar ein kopp kakao av kakaopulver, ei halv skei pulverkaffi, sukker og mjølk og toppar det heile med ein god klunk brennevin. Originalen skal vere utan kaffi og med rom, men det har eg sjeldan i hus. Nyttar du rom, treng du ikkje sukker, og brandy, konjakk, armagnac, whisky og jamvel akevitt gjer uansett nytta.

Så om du har ein klunk att av juleakevitten, gi han ein sjanse. Akevitten må gjerne vere av den fatlagra typen, til dømes Løiten Linie eller Gammel Opland, som begge gir ein rik kryddersmak. Ristar du ein skvett fløyte i kartongen og toppar drinken med det, snakkar vi om luksus så overdådig at det nesten kan ta luven frå TV-nyhenda.

I desse dagar tykkjer eg jo det så absolutt må vere lov å dempe alle dei grelle dystopiane me dagleg får serverte på skjermen, med ei aldri så lita søt og lett berusande flukt. Me får vone det beste, ete og drikke godt, ta godt vare på dei nærmaste og vente på sommaren.

Vinteren er sjølvsagt også tida for dei putrande grytene, og sidan eg fyller frysaren med kjøt og anna godt om hausten, blir det ofte vene- og familiemiddagar av dei større kjøtstykka. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement