Tyngjande verdsrekord
Får Magnus Carlsen endeleg eit tap, eller vinn han turneringa i Wijk aan Zee for åttande gong?Får Magnus Carlsen endeleg eit tap, eller vinn han turneringa i Wijk aan Zee for åttande gong?
Foto: Alina l'AmiFoto: Alina l'Ami
Då Vladimir Kramnik, verdsmeisteren frå 2000–2007, vitja VM i lynsjakk i Moskva i romjula, var nesten alt som før. Kramnik smilte og lo, småprata med dei yngre kollegaene og vann dei fleste partia sine. Veteranen, som eigenleg har lagt brikkene på hylla, vann så mykje at det enda med ein litt overraskande bronsemedalje. Etter tapet mot verdsmeisteren, ein fullt konsentrert og fokusert Magnus Carlsen, sa han med eit smil: «Eg skjønar ikkje kvar MC finn energien og motivasjonen. Det er nesten umenneskeleg.» For å seia det med Einstein: Energi = MC2.
Carlsen spelar eit psykologisk spel med seg sjølv. Han seier til The Guardian at Garri Kasparov framleis er den største i sjakkhistoria. Ja vel, så har han noko å motivera seg for. Men Carlsen set den eine rekorden etter den andre. No har han ein rekord som gjer seg godt i historiebøkene: Carlsen er den i sjakkhistoria som har spela flest parti på rad på toppnivå i klassisk sjakk utan tap. Han har ikkje tapt sidan 31. juli 2018, den gongen mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov.
Kva er eigenleg «toppnivå»? Kinesaren Ding Liren, nummer tre i verda etter rating, hadde 100 parti på rad mot sterke stormeistrar (verdseliten) utan tap. Carlsen har no 109 parti på rad. Den nederlandske eksilrussaren Sergej Tivjakov hadde 110 parti på rad utan tap mot internasjonale meistrar og slikt; Carlsen har no 111 parti på rad. Skilnaden på 109 og 111 er to parti spela på norsk amatørnivå for den nye klubben Offerspill. Kor som er, rekorden er norsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.