Teknologi
TV-produksjon
Eivind Halle i ein avslappa augeblink før kveldens produksjon brakar laus.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg ser meg rundt. Folka her er unge og veldressa. To spelar pingpong i den opne kantina. Eg er på vitjing i Media City i Bergen og ser nyhende strøyma forbi meg i alle retningar i noko som minner om eit kunstverk.
Korleis har eg hamna her? Flaks. Eg trefte min gamle kollega Tonje Fløystad på toget. Me programmerte saman på nittitalet. Eg spurde kvar ho arbeider no. Ho svarte i TV 2, som produktområdeleiar for innhaldsproduksjon. Eg tenkte at dette var ei gåve frå gudane, og spurde om eg kunne få stikka innom. Ho smilte og sa at det kunne verta kjekt å visa meg rundt.
Der kjem Tonje. Me fer opp i femte etasje, der TV 2 har produksjonen sin. I Bergen produserer dei nyhende og sport. Eg helsar på Eivind Halle, som er tidigare regissør og no jobbar med heilskapen i direkteproduksjonen. Han har vore hjå TV 2 i ein mannsalder.
Det første eg ser, er nyhendestudioet der automatiske kamera svirrar rundt medan nyhendeankeret les opp det som står i teleprompteren. Der rauk den illusjonen. Eg trudde dei kunne alt utanåt. I heile lokalet er det ein haug med skjermar der journalistar og utviklarar sit. Eg ser ein kjendislugg stikka opp, men eg tenkjer at dette ikkje er tid og stad for selfiar.
Eivind Halle fortel meg at kameraa er laga av det bergenske firmaet Electric Friends, ått av TV 2, og har vore i bruk sidan 2017.
Rett bak studio er det eit rom fullt av skjermar på veggen. Der ser eg TV 2-nettverket i Noreg, som har liner med god kapasitet i alle retningar. Mellom Bergen og Oslo er det fire liner, og tre av dei kan ramla ned utan at me sjåarar merkar noko. Tida med biletet «Me orsakar teknisk feil» er over. Oppetida er 99,99… prosent. I dette rommet ser ein også biletkvaliteten i det enkelte punktet i TV 2-nettverket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.