Turnuslegen
Turnuslege er eit merkeleg namn som med ein gong gjer meg usikker, men eg tek sjansen.
Det er ikkje godt å seie kva det var som stakk meg. Men det må ha skjedd om natta mens eg og ein kamerat låg og sov i ei lita hytte ikkje så langt frå kommunegrensa.
Eg merkar ingenting unormalt når eg vaknar, eller når me køyrer heim. Men natta etter ligg eg og vrir meg i eitt sett, ifølgje ho eg deler seng med, og om morgonen oppdagar eg ein diger raud flekk på armen. Han er hoven, og det klør. Og eg lurer på kva det er som skjer med meg.
Eg har fått mange stikk, men aldri har det hovna opp på denne måten. Kona finn ein krem som skal verke mot det meste, og eg smør på eit tjukt lag. Det hjelper, og no klør det litt mindre, gjer det ikkje? Eg held fingrane borte, og etter ei stund er det ute av tankane. Så kjem eg på det att og dreg opp genseren for å sjekke. Det har blitt større? Nei, men ikkje mindre heller.
Eg får ikkje fred og ringer legekontoret. Dama eg snakkar med, seier at eg kan få time hos turnuslegen med det same. Turnuslege er eit merkeleg namn som med ein gong gjer meg usikker, men eg tek sjansen.
Turnuslegen snakkar roleg og gjer ingen brå rørsler. Han vil nok ikkje skremme pasientane, men føle seg fram, eg likar han med det same.
Det er ikkje så lenge sidan eg trefte far til ein som hadde vore turnuslege her i bygda på slutten av 2000-talet. Han budde i ei koseleg leilegheit i sentrum, og dei hadde besøkt han fleire gonger. Eg prøvde å late som eg forstod kva leilegheit han snakka om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.