JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Turnuslegen

Turnuslege er eit merkeleg namn som med ein gong gjer meg usikker, men eg tek sjansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3085
20231006
3085
20231006

Det er ikkje godt å seie kva det var som stakk meg. Men det må ha skjedd om natta mens eg og ein kamerat låg og sov i ei lita hytte ikkje så langt frå kommunegrensa.

Eg merkar ingenting unormalt når eg vaknar, eller når me køyrer heim. Men natta etter ligg eg og vrir meg i eitt sett, ifølgje ho eg deler seng med, og om morgonen oppdagar eg ein diger raud flekk på armen. Han er hoven, og det klør. Og eg lurer på kva det er som skjer med meg.

Eg har fått mange stikk, men aldri har det hovna opp på denne måten. Kona finn ein krem som skal verke mot det meste, og eg smør på eit tjukt lag. Det hjelper, og no klør det litt mindre, gjer det ikkje? Eg held fingrane borte, og etter ei stund er det ute av tankane. Så kjem eg på det att og dreg opp genseren for å sjekke. Det har blitt større? Nei, men ikkje mindre heller.

Eg får ikkje fred og ringer legekontoret. Dama eg snakkar med, seier at eg kan få time hos turnuslegen med det same. Turnuslege er eit merkeleg namn som med ein gong gjer meg usikker, men eg tek sjansen.

Turnuslegen snakkar roleg og gjer ingen brå rørsler. Han vil nok ikkje skremme pasientane, men føle seg fram, eg likar han med det same.

Det er ikkje så lenge sidan eg trefte far til ein som hadde vore turnuslege her i bygda på slutten av 2000-talet. Han budde i ei koseleg leilegheit i sentrum, og dei hadde besøkt han fleire gonger. Eg prøvde å late som eg forstod kva leilegheit han snakka om.

– Å, den ja, sa eg, der er det fint.

Sanninga var at eg ikkje hadde peiling.

Turnuslegen kikkar på den raude flekken og lurer på om eg har blitt stukken av noko ein av dei siste dagane, eg seier som sant er at det veit eg ikkje. Det er vel i grunnen derfor eg sit her og håpar at du kan gje meg eit svar, tenkjer eg, men seier det ikkje høgt. Han kikkar nøye på armen slik turnuslegar gjerne gjer, sjekkar alle moglege ting, brukar tid, trykker litt med peikefingeren, men han kan ikkje seie sikkert kva det er.

Om eg lever lenge nok, kan det same hende ein gong til: at eg treffer foreldra til denne turnuslegen som snart flyttar vidare til ein annan stad, om han då ikkje finn tonen med ei jente her og vel bort alt det andre han har planlagt. Ein liten augneblink vurderer eg om eg alt no skal åtvare han mot denne staden.

Turnuslegen seier at det mest sannsynleg ikkje er noko å bekymre seg for. Han plukkar opp ein kulepenn og held armen min fast mens han teiknar ein sirkel rundt den hovne raude flekken.

Det er ikkje lov å teikne med kulepenn rett på huda, men han gjer det likevel. Eg har gjort det sjølv, då eg gjekk på skulen for lenge sidan. Når det var noko viktig eg måtte hugse til ein prøve, eit telefonnummer eller namnet på ein kjærast.

Eg lovar å følgje med og ta kontakt om flekken veks seg større og kjem utanfor sirkelen han har teikna. Alt neste morgon har den raude flekken på armen blitt mindre, og for kvar dag som går, skrumpar han inn. Det er eit lite mirakel, og eg byrjar å leggje planar utan å seie det til nokon.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis