Tung start
Johann Sebastian Bach, Albert Einstein og Gregor Mendel hadde ein tung start på karrieren.
Foto: NTB scanpix / Wikipedia
Johann Sebastian Bach vart fødd i 1685. Ti år gammal vart han foreldrelaus. Musikk skulle bli livet hans. Men det vart ein bratt veg å gå. Han ville endre kyrkjemusikken slik at musikken kom nærare kyrkjelyden. Det var ikkje populært. Han «blanda så mange underlege variasjonar og framande tonar inn i koralen at kyrkjelyden vart heilt forfjamsa», vart det sagt då han var organist i Arnstadt. Det, og anna, påførte han ein streng reprimande. Det var konfliktar rundt Bach.
I 1723 søkte han stillinga som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig. Der vart han innstilt på tredjeplass. Det viste seg då at dei to første hadde søkt stillinga for å presse opp lønna heime. Det verka, og dei trekte seg. Så gjekk tilbodet til tredjemann, Bach. «Når ein ikkje kan få den ein vil ha, får ein ta den ein kan få», står det i protokollen. Han skreiv ufattelege mengder med musikk, til kvar einaste søndagsgudsteneste, og han dreiv med kor og undervisning. Som komponist var han ein lokal storleik. Lite av det han skreiv, vart trykt i levetida hans. Dei store i tida var andre: Teleman, Händel og Vivaldi. Bach var god til å sette opp og justere orgel, og han reiste mykje rundt på slikt arbeid. Framleis finst det orgel i bruk som han har justert. Og han var rekna som ein suveren organist.
Så døydde han i 1750, 65 år gammal, og vart langt på veg gløymd. Nokre få kjende til musikken hans, ikkje mange.
I 1829 samla Felix Mendelsohn Bartholdy ein del musikarar i Berlin, og dei sette opp Matteuspasjonen. Og det starta den store Bach-renessansen, 80 år etter hans død. Sidan gjekk det berre oppover. Og i dag ruver han over nesten alle andre.
Mendelsohn vart aldri trøytt av å peike på at når protestantismens største salmekomponist skulle løftast fram frå gløymsla, var det ein flokk samanraska musikarar, leia av ein jøde, som måtte gjere det.
Albert Einstein vart fødd i 1879. Som barn hadde han store problem med å lære å snakke. Foreldra var så urolege over dette at dei tok kontakt med ein lege om problemet, og søstera fortalde sidan at dei var redde for at han aldri skulle lære å snakke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.