JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Tung å svelgja

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20171110
2364
20171110

Folk som bur i Svelgen, svelgjer nok ikkje meir enn andre. Ikkje har dei større svelg heller. Men stadnamnet hjelper oss med å sjå samanhengen mellom straumar og slukhalsar. Mange fossar, straumfulle sund og elvar har namn med svelg i seg, som Svelgen, Svelgjande, Svelga og Svelgselva. Norrønt svelgr tyder både ‘straumkvervel, malstraum’ og ‘slukhals’, og samnemnaren er at noko vert soge ned og forsvinn.

Me veit ikkje for visst kvar svelg og svelgja kjem frå, men det er i alle fall tale om germansk fellesgods. I nokre av måla vert svelgja nytta om det å føra mat, drykk eller liknande ned i matrøyret på vanleg vis, til dømes engelsk swallow og færøysk svølgja. I andre mål vert verbet helst nytta om å svelgja grådig og snøgt, til dømes islandsk svelgja (‘sluka, hella i seg’) og tysk schwelgen (‘gassa seg; nyta’). Dansk svælge vert stundom nytta på same måte: «De svælgede i livets goder» tyder at dei har meir enn nok av gode, og soleis rimar det med det tyske ordlaget «im Überfluss schwelgen» (‘velta seg i overflod’).

Same kva hovudtyding verbet har, eignar det seg godt i biletlege uttrykk. Engelsk har vendingar som «he was swallowed up by the crowd» (‘han vart slukt av folkehopen’), og mange stader vert svelgja bruka om å ‘ta unna (so det ikkje renn over)’, til dømes færøysk «áin (åa) svølgir ikki» og norsk «elva greier ikkje svelgja unna». Slikt er ekstra pinleg for dei elvane som har svelg i namnet.

Når me menneske svelgjer, skyv me noko ned i buken. Difor prøver me ofte å stogga kjenslereaksjonar med å svelgja: «Eg svelgde gråten.» «Ho svelgjer ein hikst.» Me kan òg bruka svelgja i tydinga ‘bita i seg, godta’: «Konklusjonen var tung å svelgja.» Men som regel er det mat og drykk me svelgjer, og det som går ned i svelget, er ofte ein svelg: ‘munnfull, slurk’. Svelg er likevel eit tøyeleg omgrep, for når nokon byd deg «ein kaffisvelg», får du gjerne ein og to fulle koppar – og kanskje mat attpå. Men det gjeld å føra godsakene ned i rett røyr. Det å uforvarande senda mat og drykk nedi luftrøyret kallar me å svelgja gale. Eller å svelgja rangt. Eller å svelgja i halsen. Svelgja i rangstrupen. Svelgja i ranga. Svelgja rangvegen. Svelgja seg i skrova. Svelgja seg i sprove. Ja, det er eit under at me får i oss mat i det heile.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis