Ord om språk

Trygg i rolla

Ord om språk
Publisert

Tydeleg rollefordeling kan hjelpa mot rolleblanding, men nokre strevar likevel med å halda styr på rollene sine. Spelar det noka rolle?

Det spørst kva for roller det dreiar seg om. Ein person kan vera både nær slektning og nær granne, og jamvel om slike dobbelroller kan vera krevjande og føra til rollekonfliktar, går det som regel bra å hoppa mellom rollene som ein vil. I andre samanhengar, til dømes i teateret, arbeidslivet og politikken, må ein vera aktsam og i det heile syna god rolleforståing.

Ja, i dag er det rolle som har hovudrolla. 

Då me leika oss med rulla førre veka, fekk rolle ei av birollene. Eller snarare ei statistrolle. Det hamna i skuggen av rull og rulle, endå dei og rolle strengt teke er ulike former av det same ordet. Men no skal me ikkje svartmåla stoda for mykje. Rolle kan finna på å gå inn i ei offerrolle, og slikt blir det debatt av.

Rolle er kome til oss gjennom tysk frå fransk rôle. Som me såg sist, vart ordet opphavleg nytta i tydinga ‘(papir)rull’. I slike rullar stod stundom replikkane til skodespelarar. 

Me kan framleis nytta rolle i tydinga ‘rollehefte’, endå det er mindre vanleg no («ein replikk som ikkje stod i rolla»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement