JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Truga på livet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2367
20171117
2367
20171117

I ei tid der trugselbreva haglar og lista over truga dyre- og plantearter lengjest, er ei trugselvurdering heilt på sin plass. Korleis skil me eit tomt trugsmål frå eit alvorleg trugsmål? Og kjem trugsmåla tettare no enn før?

Me kan gå ut frå at di fleire menneske som lever, di fleire trugsmål vert sette fram. Og me byrjar tidleg: Barnlege utsegner av typen «dersom du ikkje gjev meg leika, får du ikkje vera med» er eit fullgodt døme på truging. Men det finst andre ord for det enn truga. I mellomalderen bruka nordbuane gjerne verbet hóta, slik dei enno gjer i islandsk, svensk og færøysk – ja, ordet vert jamvel nytta i norsk. Verbet truga finst (eller har funnest) i dei nemnde måla òg, men ofte i ei anna tyding, til dømes i islandsk, der det tyder ‘pressa, tyngja’. Grunntydinga til truga er nettopp ‘pressa’. Ikkje so rart, i grunnen, for truga og trykkja er i slekt.

Som oftast brukar me truga om press i vid tyding, men me kan fint bruka truga om fysisk pressing: «Han truga på seg skoen.» Det hender òg at me brukar truga om trivelege og gjestmilde aktivitetar, som det å nøyda gjester (overtala dei til å eta eller drikka): «Dei måtte trugast til bords.» Sameleis kan du truga pengar inn på nokon (nøyda dei til å ta imot pengar). Men det er like vanleg å truga til seg pengar, og då er me over i den klassiske forma for truging, der me pressar nokon ved hjelp av åtvaringar og skremsler.

«Det er leitt å truga når ein ikkje kan slå», seier ordtaket. Eit anna ordtak seier: «Han gjer vel som trugar før han slår.» Med andre ord: Om du jamt kjem med trugsmål du ikkje kan gjera alvor av, vert du møtt med spott og lått. Men om du er i stand til å gjera skade, bør du gjeva motparten høve til å trekkja seg unna. Haken er at me ofte ikkje veit om eit trugsmål er tomt eller ikkje – det viser seg fyrst i ettertid. Difor er det lurt å ta alle grove trugsmål alvorleg. Merk elles at det ikkje berre er folk som trugar: Alt som ser faretrugande ut, driv med truging. Huset trugar med å rasa saman. Det trugar med regn. Verksemda er truga av konkurs. Faretrugande målber soleis at ein fare trugar. Men kva når noko er livstrugande? Då er det ikkje livet som trugar, men noko anna som trugar livet. Forvirrande? I grunnen ikkje. Slikt skjønar me intuitivt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis