Frå bridgeverda

Trollmann i blått

Benito Garozzo herja vilt ved bridgebordet som medlem av det såkalla blåe laget.
Publisert Sist oppdatert

For ikkje å ende med ein altfor stor konsentrasjon av nekrologar i denne spalta, kan det vera greitt å skrive om Benito Garozzo medan han enno er i live. Det skal på ingen måte hevdast at Garozzo, som er fødd i 1927, ikkje kan ha mange gode år att enno. Men ved bridgebordet er han relativt sjeldsynt no for tida.

I unge år budde Garozzo i all hovudsak i to byar: Napoli og Kairo. Fyrstnemnde var heimbyen til mora, medan faren, som mange andre italienarar i mellomkrigstida, hadde arbeid i Egypt, der det fanst eit stort italiensk miljø.

Seks år gamal lærte Benito tresette av bror sin, eit kortspel som er særs populært i Italia og område påverka av italiensk kultur. Spelet inneheld konsepta stikk og makkerskap og har såleis ein visst slektskap med bridge. Etter kvart gjekk den barnerike familien over til bridge, mellom anna etter å ha lese ei bok av Ely Culbertson.

I Kairo etter krigen møtte Garozzo bridgespelarar som utfordra han og skjerpa talentet hans. I det sivile livet vart han eigar av ei gullsmedverksemd i Napoli.

Før VM i Buenos Aires i 1961 hadde det italienske Squadra Azzurra, internasjonalt kjent som The Blue Team, vunne tre VM på rad. Garozzo vart hasteinnkalla som vikar og skjemde seg på ingen måte ut: Italia vann på nytt, og Garozzo skulle koma til å vinne seks strake VM etter dette i makkerskap med Pietro Forquet. Utover 1970-talet var han makker med den endå meir feterte Giorgio Belladonna, og fleire gull rulla inn.

Forutan diverse trylling i speleføringane var det særleg dei innovative meldemetodane til italienarane som vippa meir konservative amerikanarar av pinnen. Garozzo og Belladonna kombinerte prinsipp frå den italienske såkalla blåkløveren og presisjonskløveren til kinesiske C.C. Wei og laga eit særs avansert system kalla superpresisjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement