Trivselsfremjande
Nokre av oss er so hepne at me får oppleva mange trivelege dagar i lag med trivelege folk. Men det er uråd å stortrivast støtt: Utrivnaden kan trengja innpå deg når du minst ventar det. Hjelper det då med trivselstiltak? Og er det skilnad på kvar bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar trivst?
Om me skal tru ordbøkene, er det i alle fall skilnad på vantrivnaden. Under oppslagsordet vantrives i Bokmålsordboka finn me dømet «vantrives i bygda». Under vantrivast i Nynorskordboka står det «vantrivast i byen». Men både i byen og bygda finst det folk som trivst som fisken i vatnet, og trivnad gjer godt for heile skapningen, anten det er tale om menneske, dyr eller vokstrar. Me plar triva til trivast når me vil målbera at noko(n) ‘likar seg; veks jamt; utviklar seg harmonisk’. Nettopp verbet triva (‘gripa, riva til seg’) lyt nemnast her, for det kan henda at trivast er refleksiv av triva og soleis har grunntydinga ‘gripa seg (sjølv)’. Under trivast i Norsk Ordbog nemner Aasen ein liknande seiemåte, «taka seg», som tyder ‘verta feit og god’. Men han slår fast at tilhøvet mellom triva og trivast er «noget dunkelt». Me veit i minsto at båe verba er arveord, og at engelsk thrive (‘trivast, gå godt, bløma’) er lånt frå nordisk.
Vår eigen trivnad føresett at dyra og vokstrane ikring oss trivst. Til dømes trivst poteter best i lett jord. Men alt går ikkje støtt som det skal, og me har mange seiemåtar for skapningar som ikkje trivst: «Dyra er i vantrivnad.» «Det har kome utrivnad på krøtera.» «Kålrota er vantriven.» «Kyrne illtrivst.» Adjektivet utriveleg nyttar me ofte i tydinga ‘ukoseleg; ufyseleg’, men det kan òg brukast om nokon som ikkje trivst: «Sauene er utrivelege.» Ordet vantrivling kan både visa til sjuklege skapningar og greier som ikkje verkar, jf. «ein vantrivling til båt».
Det er leitt når nokon mistrivst på skulen eller arbeidet, og trivselsfremjande tiltak kan stundom hjelpa mot slikt. Personar som er trivne (verksame, trottuge), arbeider stundom so mykje at andre slepp å gjera noko. Eller som ordtaket seier: «Ei triven mor gjer late døtrer.» Eit anna ordtak fortel oss at «d’er ingen trivnad med galen livnad». Men kva er «galen livnad»? Og kva om den livnaden me trivst med, vert rekna som galen av andre? Då vert det vel utriveleg?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?