Inntrengjarar i trongbudde hus vert lett oppdaga. Kan henda bed dei inntrengjande om å få ein matbit, og det er lett å få samhug med slike folk. Dei som stel mat i trengsmål, er drivne av overlevingstrong, og den trongen er ikkje nett liten. Men korleis skil me mellom trengsmål og utrengsmål? Ordtaket seier at «ein treng ikkje alt som ein trur», men kven er det då som veit kva me treng?
Stundom er det ikkje nokon tvil. Den som er pissetrengd, treng å lata vatnet. Trengd er svært råkande i denne samanhengen: Ordet målber at noko klemmer og er trongt, og det rimar godt med kjensla av å ha ei full blære. So er spørsmålet kva slags trengsle eller trong som driv taletrengde personar. Kva hender dersom talen ikkje får sleppa ut? Kjem han til å trengja seg ut gjennom huda? Det er vel ikkje anna å gjera enn å trengja ordgytarane opp i ein krok og fretta dei ut.
Jamvel om orda har temmeleg lik form, er det ikkje opplagt at adjektivet trong (‘smal, som har eller gjev liten plass’), substantivet trong (‘turft, lyst, naudsyn’), det sterke verbet trenga og det linne verbet trengja har noko med kvarandre å gjera. Å trengja seg fram og å trenga mat er då heilt ulike saker? Det sams utgangspunktet er ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘støyta, pressa saman, plaga’. Me skjønar at trong (‘smal’) og trengja høyrer til her: Båe viser til klemming og pressing av noko slag. Substantivet trong tydde opphavleg ‘trengsle, innsnevring’, men har etter påverknad frå tysk fått tydinga ‘skort, naudsyn; indre drift’. Noko liknande har hendt verbet trenga. Men tysken har påverka målet vårt på andre måtar òg: Det lågtyske låneordet behov er godt i gang med å trengja bort ord som turft, torv og jamvel trong. Me kan trongsprøva noko, men det er vanlegare å seia behovsprøva. Tyder det at trong er hjelpetrengande?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.