Tre klassikararDet finst anekdotiske prov for at cellisten Rostropovitsj (1927–2007) var blant dei største i det 20. hundreåret. «Eg drøymer om sjakk», sa han til
Sovjetisk plakat frå duellen i 1937.
Det finst anekdotiske prov for at cellisten Mstislav Rostropovitsj (1927–2007) var blant dei største i det 20. hundreåret – i kombinasjonen musikk og sjakk. «Eg drøymer om sjakk», sa han til Garri Kasparov i 1999. «Om du syner meg nokre parti, skal eg syna fram Stradivariusen min.» Då stormeister Mark Tajmanov nesten 30 år tidlegare fekk problem med styresmaktene etter å ha lese dissidentforfattaren Aleksandr Solzjenitsyn, kommenterte Rostropovitsj med svart russisk humor at Solzjenitsyn hadde fått liknande problem etter å ha lese boka til Tajmanov om nimzo-indisk opning. Eg tykkjer Rostropovitsj viste høg klasse med kommentarane sine, men på sjakkbrettet får han likevel hard konkurranse frå komponisten Sergej Prokofjev (1891–1953).
Prokofjev såg på sjakk som rein kunst og gjorde den seinare verdsmeister Mikhail Botvinnik rasande i sovjetmeisterskapen hausten 1940. Botvinnik stod for ei ny line, den vitskaplege sovjetiske sjakkskulen. Då Estland vart sovjetisk tidlegare på sumaren, kunne eller måtte det estiske sjakkgeniet Paul Keres spela i Moskva. Det var god akustikk i musikkonservatoriet, der spelarane sat på scena. Då sjakkunstnaren Keres vann partiet sitt, byrja Prokofjev applaudera høgt. «Hysj!», sa alle rundt, men Prokofjev svara: «Eg har rett til å uttrykkja kjenslene mine». Botvinnik, som gjorde ei dårleg turnering, gjekk til motåtak: «Korleis ville Sergej Sergejevitsj ha reagert om han spela i ein trio og publikum klappa slik etter fiolinisten at ein ikkje kunne høyra pianisten? For sjakkspelaren er det enda verre. Han vert straffa om han spelar falskt under applausen.»
Men den aller største var nok fiolinisten David Ojstrakh (1908–1974). Det spørsmålet vart avgjort alt i 1937, under den store duellen mellom Ojstrakh og Prokofjev i Moskva. Aldri har to sjakkamatørar spela ein like seriøs kamp over to veker. Botvinnik var på plass kvar einaste dag og kommenterte: «Dette er ein idékamp mellom den impulsive og romantiske Prokofjev med eit før-revolusjonært sjakksyn og den meir moderne, kalkulerande Ojstrakh.» Fiolinisten vann 4–3, og Prokofjev komponerte den kjende fiolinsonaten nr. 1 til ære for vinnaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.