Trankapslar

Sanninga om tran er kanskje ikkje så sann likevel.

Det er ikkje måte på kva godt tran kan gjere.
Det er ikkje måte på kva godt tran kan gjere.
Publisert

Skal majonesen vere over eller under rekene, og kan det vere pølse til vaffel? Vi kan vere usamde om mykje i Mat-Noreg. Ein ting er vi likevel alle heilt og fullt samde om: Vi tek tran. I det minste i alle månader med r i, om ikkje vi smeller til med alle tolv, sånn for å vere på den sikre sida. For tran er sunt, ja, det er sunnare enn sunnast, og det er aller mest slik, gjennom vår massive, maritime produksjon av høgverdige omega 3-feittsyrer, vi i Noreg bidreg til å gjere verda til ein mettare, sunnare og friskare stad.

Å seie at tran er ei norsk oppfinning, er å dra sanninga litt langt – folk har nok oppdaga at om ein lèt lever stå, flyt det opp olje, lenge før Peter Möller kjøpte Lilleborg Klædesfabrikk ved Akerselva i 1829. Men det var i alle høve her han oppdaga at han ved å handsame torskelever med vassdamp kunne få ein meir lukt- og smaklaus tran. Resten er historie: I dag leverer Noreg kring ein fjerdedel av all marin omega 3 som vert produsert i verda.

Det er altså sjølve grunnfjellet eg skal rokke ved i dag. Eller det er vel eigentleg ikkje eg som skal gjere det, men forskarane i Cochrane Library som i juli publiserte den største gjennomgangen av studiar om hjarte- og karsjukdommar og inntak av omega 3. Dei har sett på 79 studiar som samanlagt inkluderer over 112.000 deltakarar. Alle studiane var såkalla «RCTs» – anonymiserte studiar der deltakarane ikkje visste om dei tok omega 3 eller ikkje. Konklusjonen var knappast den som norsk havbruks- og fiskerinæring var ute etter.

Kva er omega 3?

Men fyrst: Kvifor trur vi omega 3 er så viktig for oss? Omega 3 er ein gjeng essensielle feittsyrer, noko som vil seie at kroppen vår er avhengig av dei, men ikkje kan produsere dei sjølv. Det er altså ingen tvil om at vi må få i oss omega 3. Så har vi fleire ulike omega 3-feittsyrer, og det er her fisk og tran og kapslar kjem inn i biletet: Dei korte feittsyrene, alfalinolensyre (ALA), kan vi få frå plantekost, men dei langkjeda EPA og DHA-feittsyrene må vi til fiske- eller dyreriket for å få i oss.

Og dei må vi få i oss i monalege mengder for å unngå hjarte- og karsjukdommar, har legevitskapen lenge trudd og vi lenge fått høyre. Heilt til studiar no syner noko anna: Forskarane ved Cochrane fann «liten eller ingen effekt» av auka inntak av langkjeda, omega 3-feittsyrer (som EPA og DHA) på verken generell dødelegheit, dødelegheit som fylgje av hjarte- og karsjukdommar eller førekomst av slike sjukdommar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement