Tort og svieI nokre delar av landet er plenane brunsvidne no. Sola har attpåtil svidt avlingane, og det heile ter seg som ein svidande urett. Då kan det vera freistande å setja seg i bilen og svida gummi (skrensa, sladda). Eller kva med å svida utor ein sa

Publisert

I nokre delar av landet er plenane brunsvidne no. Sola har attpåtil svidt avlingane, og det heile ter seg som ein svidande urett. Då kan det vera freistande å setja seg i bilen og svida gummi (skrensa, sladda). Eller kva med å svida utor ein sats?

Ordlaget «svida utor» (ofte uttala: svi ‘tur) vert nokre stader nytta om å laga heimebrent. Sviding og brenning er nærskylde saker, og i nokre tilfelle flyt dei over i einannan. Om graset vert utturka og visnar, kan me seia at graset «brenn av» eller «svid av». Fullt samanfall mellom sviding og brenning er det likevel ikkje. Me seier stundom at folk skal «få svida» for noko dei har gjort, men om me seier at dei skal «få brenna», vert det straks meir dramatisk. Sviding kan vera ille nok, det, men hugs ordtaket: «Når såret er grødt, er svien gløymd.»

Svi(da) kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘brenna, stråla, skina’. Sant å seia har me to svida-verb. Det sterke verbet (som eg bøyer slik: svid, sveid, svide) tyder ‘verta brend; bita, gjera vondt; bøta’. Me finn det i vendingar som «grauten sveid», «vinden svid i andletet», «ord som svid» og «få svida for fantestykka sine». Det linne verbet (med former som svider, svidde, svidt) tyder ‘la svida, få til å verta brend’. Til dømes: «Eg svidde fingrane på svijarnet.» «Det luktar svidt.» «Eg svidde kotelettane.» Skiljet mellom desse to verba er ikkje skarpt. Alt i 1873 skreiv Ivar Aasen at verba «tildeels [bliver] forvexlet» (Norsk Ordbog).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement